Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Framleis høgare arbeidsløyse blant innvandrarar
Arbeidsløysa for førstegenerasjonsinnvandrarar registrert ved arbeidskontora var på 7,9 prosent ved utgangen av august. Arbeidsløysa for heile folket var 2,9 prosent. Høgast arbeidsløyse hadde innvandrarane frå Afrika med 15,3 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.
Ved utgangen av august i år var det registrert 10 066 arbeidslause førstegenerasjonsinnvandrarar. Dette gjev ein arbeidsløyseprosent på 7,9. Denne ligg 5 prosentpoeng høgare enn arbeidsløysa for heile befolkninga.
Grunna endringar i definisjonen av registrerte heilt arbeidslause frå 1999 har vi ikkje sikre endringstal for innvandrarar. Utrekningar som byggjer på Arbeidsdirektoratet sin korrigering av brotet i tidsserien tyder på at det var om lag 250 fleire registrerte heilt arbeidslause innvandrarar 3. kvartal 1999 enn same kvartal året før.
Den registrerte arbeidsløysa ved utgangen av august i år var høgast for innvandrarane frå Afrika, med 15,3 prosent, fylgt av innvandrarane frå Aust-Europa og Asia med respektive 11,5 og 11,1 prosent. Vestlege innvandrarar hadde berre nokre få tidelar høgare arbeidslause enn heile folket. Det same mønsteret fann vi i tala for mai månad i år.
Ved utgangen av august i år var den registrerte arbeidsløysa for innvandrarar 7,6 prosent for kvinner og 8,1 prosent for menn.
Færre på tiltak
Ved utgangen av august i år var det registrert 1 658 innvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Det svarar til ei halvering i forhold til tala for august månad året før. 34,8 prosent av alle på ordinære arbeidsmarknadstiltak er innvandrarar.
Ei om lag tilsvarande halvering i talet på personar på tiltak finn vi òg for heile befolkninga i same perioden.
Høgast arbeidsløyse i Østfold og Sør-Trøndelag
Statistisk sentralbyrå reknar òg ut registrerte arbeidslause i prosent av alle innvandrarar i yrkesaktiv alder (16-74 år) og ikkje berre i prosent av arbeidsstyrken. Talet på registrerte arbeidslause ikkje-vestlege innvandrarar i prosent av alle innvandrarar 16-74 år var ved utgangen av august i år høgast for busette i Østfold og Sør-Trøndelag og lågast for dei i Akershus og Oslo.
Blant dei ikkje-vestlege innvandrarane er det busette i Telemark, Østfold og Hedmark som hadde den høgaste prosenten på arbeidsmarknadstiltak i mai 1999. Ikkje-vestlege innvandrarar busett i Rogaland og Finnmark hadde lågast tiltaksprosent.
Statistikken kjem ut fire gonger i året.
Tabeller:
- Tabell 1 Registrerte heilt arbeidslause i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av arbeidsstyrken. Utgangen av mai 1998, august 1998, mai 1999 og august 1999
- Tabell 2 Personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av mai 1998, august 1998, mai 1999 og august 1999
- Tabell 3 Registrerte heilt arbeidslause og personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og tal år busett i Noreg. I prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av august 1998 og 1999
- Tabell 4 Registrerte arbeidslause, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av august 1999
- Tabell 5 Registrerte på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av august 1999
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42