Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Høgare arbeidsløyse blant innvandrarar
Arbeidsløysa for førstegenerasjonsinnvandrarar registrert ved arbeidskontora var på 6,6 prosent ved utgangen av november 1999. Arbeidsløysa for heile folket var 2,4 prosent. Høgast arbeidsløyse hadde innvandrarane frå Afrika med 12,3 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.
Ved utgangen av november i fjor var det registrert 8 573 arbeidslause førstegenerasjonsinnvandrarar. Dette gjev ein arbeidsløyseprosent på 6,6, som ligg 4,2 prosentpoeng høgare enn arbeidsløysa for heile befolkninga. 15 prosent av alle arbeidslause var innvandrarar.
Grunna endringar i definisjonen av registrerte heilt arbeidslause frå 1999 har vi ikkje sikre endringstal for innvandrarar. Utrekningar som byggjer på Arbeidsdirektoratet si korrigering av brotet i tidsserien, syner at det har vore ein minimal auke (0,1 prosentpoeng) i arbeidsløysa blant innvandrarar. Det er om lag den same auken som for alle busette.
Den registrerte arbeidsløysa ved utgangen av november i fjor var høgast for innvandrarane frå Afrika, med 12,3 prosent, fylgt av innvandrarane frå Aust-Europa og Asia med respektive 9,7 og 9,1 prosent. Vestlege innvandrarar hadde berre nokre få tidelar høgare arbeidslause enn heile folket. Denne tendensen ser ut til å halde seg stabil over lengre tid.
Ved utgangen av november i fjor var den registrerte arbeidsløysa for innvandrarar 7,5 prosent for menn og 5,6 prosent for kvinner.
Tre av ti på tiltak var innvandrarar
Talet for personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak viste berre ein marginal nedgang sidan november 1998. Dette gjeld både for dei totale tala og for innvandrartala sin del.
Ved utgangen av november 1999 var 4 015 førstegenerasjonsinnvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Det svarar til 2 prosent av alle førstegenerasjonsinnvandrarane 16-74 år.
Innvandrarar frå Aust-Europa og Afrika har dei høgaste delane av personar på tiltak, og dei utgjer òg dei største gruppene blant innvandrarar på tiltak. Innvandrarar representerer totalt rundt 30 prosent av alle deltakarar på tiltak.
Høgast arbeidsløyse i Finnmark og Østfold
Statistisk sentralbyrå reknar òg ut registrerte arbeidslause i prosent av alle innvandrarar i yrkesaktiv alder (16-74 år) og ikkje berre i prosent av arbeidsstyrken. Talet på registrerte arbeidslause ikkje-vestlege innvandrarar i prosent av alle innvandrarar 16-74 år var ved utgangen av november i fjor høgast for busette i Finnmark og Østfold (respektive 9,6 og 8,1 prosent). Finnmark hadde òg den høgaste arbeidsløysa for alle busette, medan det var fire fylke som hadde høgare arbeidsløyseprosent enn Østfold. Den lågaste arbeidsløysa for ikkje-vestlege innvandrarar finn vi i Sogn og Fjordane og Akershus (respektive 3,4 og 3,6 prosent). Desse to fylkene hadde òg den lågaste arbeidsløyseprosenten for alle busette med 1,0 prosent kvar.
Tabeller:
- Tabell 1 Registrerte heilt arbeidslause i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av arbeidsstyrken. Utgangen av august 1998, november 1998, august 1999 og november 1999
- Tabell 2 Personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av august 1998, november 1998, august 1999 og november 1999
- Tabell 3 Registrerte heilt arbeidslause og personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og tal år busett i Noreg. I prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av november 1998 og 1999
- Tabell 4 Registrerte arbeidslause, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av november 1999
- Tabell 5 Registrerte på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av november 1999
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42