Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Størst auke i arbeidsløysa blant innvandrarar
Den registrerte arbeidsløysa har siste året auka frå 7,0 til 7,6 prosent for førstegenerasjonsinnvandrarar. Auken for heile folket var 2,6 til 2,8 prosent og har primært funne stad blant menn. Dette gjeld òg i innvandrargruppa. Alt er rekna som del av arbeidsstyrken.
Framleis ligg den registrerte arbeidsløysa for innvandrarane frå Afrika aller høgast med 14,5 prosent ved utgangen av februar, følgd av innvandrarane frå Aust-Europa og Asia med respektive 11,1 og 10,2 prosent. Den største auken i arbeidsløyseprosenten hadde førstegenerasjonsinnvandrarane frå Sør- og Mellom-Amerika, frå 7,3 prosent i februar 1999 til 8,3 prosent i februar i år. Det har òg vore ein klar auke i den registrerte arbeidsløysa for førstegenerasjonsinnvandrarar frå Vest-Europa (utanom Norden), frå 2,9 til 3,6 prosent.
Veksten i arbeidsløysa har først og fremst gjort seg gjeldande blant dei med butid under 4 år og dei med butid frå 7 år og over. Innvandrarar som har vore busette mellom 4 og 6 år i Noreg har hatt ein nedgang i den registrerte arbeidsløysa det siste året.
Ingen auke blant kvinner
Ved utgangen av februar i år var den registrerte arbeidsløysa for innvandrarar 8,7 prosent for menn og 6,2 prosent for kvinner. For heile landet var tala respektive 3,2 og 2,4 prosent.
Det er blant menn at auken i arbeidsløysa har funne stad. For heile landet og for innvandrargruppa samla steig den registrerte arbeidsløysa med respektive 0,4 og 1,0 prosentpoeng frå februar 1999 til februar i år. Blant kvinner har den registrerte arbeidsløysa vore stabil, både totalt og for førstegenerasjonsinnvandrarane sett under eitt, men med noko varierande mønster for dei einskilde verdsregionane.
Framleis har Finnmark og Østfold den høgaste arbeidsløysa blant førstegenerasjonsinnvandrarane (målt i forhold til befolkninga 16-74 år) med respektive 6,6 og 6,5 prosent, men for begge desse fylkene har det vore ein viss nedgang sidan februar 1999. Denne tendensen ser vi òg for Akershus og Hedmark.
Elles har det vore auke i dei fleste andre fylkene. Den største auken i arbeidsløyse blant førstegenerasjonsinnvandrarane hadde Rogaland og Nord-Trøndelag med respektive 1,5 og 1,2 prosentpoeng.
På arbeidsmarknadstiltak
Totaltalet for personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak viser berre ein marginal auke sidan februar 1999. For førstegenerasjonsinnvandrarar totalt har det vore stillstand, men med nokre få endringar for einskilde grupper.
Ved utgangen av februar i år finn vi 3 571 førstegenerasjonsinnvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Dette utgjer 28 prosent av alle deltakarane på desse tiltaka. Innvandrarar frå Aust-Europa og Afrika har dei høgaste delane av personar på tiltak med respektive 3,4 og 2,7 prosent (av personar i alt 16-74 år). For den sistnemnde gruppa har det vore ein nedgang på 0,6 prosentpoeng sidan februar 1999. Desse fordelingane blant deltakarar på arbeidsmarknadstiltak ser ut til å halde seg stabile over lengre tid. Det er Troms og Finnmark som har dei høgaste deltakarprosentane på respektive 7,4 og 7,0. Lågast ligg Akershus og Oslo med 1,7 og 1,3 prosent.
Statistikken kjem ut fire gonger i året.
Tabeller:
- Tabell 1 Registrerte heilt arbeidslause i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av arbeidsstyrken. Utgangen av november 1998, februar 1999, november 1999 og februar 2000
- Tabell 2 Personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av november 1998, februar 1999, november 1999 og februar 2000
- Tabell 3 Registrerte heilt arbeidslause og personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og tal år busett i Noreg. I prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av februar 1999 og 2000
- Tabell 4 Registrerte arbeidslause, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av februar 1999
- Tabell 5 Registrerte arbeidslause, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av februar 2000
- Tabell 6 Registrerte på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av februar 2000
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42