Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Størst auke blant menn
Registrert arbeidsløyse auka frå 6,2 til 7,3 prosent for førstegenerasjonsinnvandrarar frå 2. kvartal 1999 til 2. kvartal 2000. Auken for heile folket var frå 2,2 til 2,6 prosent. Arbeidsløysa steig mest blant menn, både i heile folket og blant innvandrarar. Alt er rekna som del av arbeidsstyrken.
Framleis ligg den registrerte arbeidsløysa for innvandrarane frå Afrika aller høgast, med 14,2 prosent ved utgangen av mai. Dei er følgd av innvandrarane frå Asia og Aust-Europa med respektive 10,4 og 9,9 prosent. Den største auken i arbeidsløyseprosenten hadde førstegenerasjonsinnvandrarane frå Sør- og Mellom-Amerika, frå 6,2 prosent i mai 1999 til 8,7 prosent i mai i år. Lågast auke hadde innvandrarar frå Norden og Nord-Amerika og Oceania med 0,3 prosentpoeng kvar som er litt lågare enn auken for heile befolkninga.
Veksten i arbeidsløysa gjer seg særleg gjeldande blant dei med butid under fire år og dei med butid frå sju år og oppover. Innvandrarar som har vore busette mellom fire og seks år i Noreg, har hatt noko mindre auke i den registrerte arbeidsløysa det siste året.
Minst auke blant kvinner
Ved utgangen av mai i år var den registrerte arbeidsløysa for innvandrarar 8,2 prosent for menn og 6,2 prosent for kvinner. For heile landet var tala respektive 2,8 prosent og 2,3 prosent.
Det er blant menn at auken i arbeidsløysa er størst. For heile landet og for innvandrargruppa samla steig registrert arbeidslause med respektive 0,5 og 1,4 prosentpoeng frå mai 1999 til mai i år. Blant kvinner har auka vore noko mindre. Dei tilsvarande tala var her på respektive 0,2 og 0,7 prosentpoeng.
Den fylkesvise utviklinga
Rogaland og Vest-Agder har den høgaste registrerte arbeidsløysa blant førstegenerasjonsinnvandrarane (målt i forhold til befolkninga, 16-74 år) med respektive 6,5 og 6,1 prosent. Begge desse fylka har òg hatt den største auken, med respektive 2,8 og 2,0 prosentpoeng frå mai 1999 til mai 2000. Elles har det òg vore auke i dei andre fylka, med unntak av Hedmark som hadde ein nedgang på 0,9 prosentpoeng. Akershus hadde den lågaste registrerte arbeidsløysa blant førstegenerasjonsinnvandrarar med 2,5 prosent. Dette fylket hadde òg den lågaste arbeidsløyseprosenten for heile befolkninga med 1,0 prosent.
På arbeidsmarknadstiltak
Talet for personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak viser berre ein marginal auke sidan mai 1999, både totalt og for førstegenerasjonsinnvandrarane under eit, men med ein viss auke på 0,5 prosentpoeng blant dei frå Aust-Europa.
Ved utgangen av mai i år finn vi 3 703 førstegenerasjonsinnvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Dette utgjer 29 prosent av alle deltakarar på desse tiltaka. Innvandrarar frå Aust-Europa har den høgste delen av personar på tiltak med 3,4 prosent (av personar i alt 16-74 år). Det er Oppland og Nordland som har dei høgste deltakarprosentane for førstegenerasjonsinnvandrarar på respektive 3,2 og 3,1. Lågast ligg Akershus og Oslo med 0,9 og 1,0 prosent.
Statistikken kjem ut fire gonger i året.
Tabeller:
- Tabell 1 Registrerte heilt arbeidslause i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av arbeidsstyrken. Utgangen av februar 1999, mai 1999, februar 2000 og mai 2000
- Tabell 2 Personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av februar 1999, mai 1999, februar 2000 og mai 2000
- Tabell 3 Registrerte heilt arbeidslause og personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og tal år busett i Noreg. I prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av mai 1999 og 2000
- Tabell 4 Registrerte arbeidslause, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av mai 1999
- Tabell 5 Registrerte arbeidslause, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. U tgangen av mai 2000
- Tabell 6 Registrerte på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av mai 2000
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42