Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auke blant menn, nedgang blant kvinner
For førstegenerasjonsinnvandrarar har det vore ein mindre auke i den registrerte arbeidsløysa på 0,3 prosentpoeng, frå 7,8 prosent i august 1999 til 8,1 prosent i august 2000, og det er blant menn vi ser auken. For heile befolkninga har arbeidsløysa ligge konstant på 2,9 prosent. Alt er rekna som del av arbeidsstyrken.
Framleis ligg den registrerte arbeidsløysa for innvandrarane frå Afrika aller høgst, med 15,2 prosent ved utgangen av august følgd av innvandrarane frå Asia med 11,3 prosent. For innvandrarar frå Aust-Europa som òg har ligge høgt, har det vore ein nedgang på 0,4 prosentpoeng, frå 11, 4 prosent til 11,0 prosent. Elles ser vi berre ein svak auke i arbeidsløyseprosenten blant innvandrarar frå dei andre verdsdelane.
Det er blant mannlege innvandrarar at auken har funne stad. Denne var på 0,7 prosentpoeng, frå 8,0 i august 1999 til 8,7 prosent i august 2000. Blant kvinner ser vi ein svak nedgang frå 7,6 til 7,5 prosent. For heile befolkninga var det ein svak auke blant menn på 0,1 prosentpoeng, frå 2,8 til 2,9 prosent og ein tilsvarande nedgang blant kvinner frå 3,0 til 2,9 prosent.
Nedgang for dei med butid 4-6 år
Det er blant dei med butid på mellom 4 og 6 år, og som har det høgste nivået på arbeidsløysa, at vi finn nedgang. Her gjekk arbeidsløysa ned frå 7,6 prosent i august 1999 til 6,7 prosent i august 2000 ( i prosent av personar i alt, 16-74 år), m.a.o. ein nedgang på 0,9 prosentpoeng. For dei andre med kortare eller lengre butid enn dette, har det vore ein svak auke.
Den fylkesvise utviklinga
Vest-Agder og Nordland har den høgste registrerte arbeidsløysa blant førstegenerasjonsinnvandrarane med respektive 7,5 og 7,3 prosent målt i forhold til befolkninga frå 16-74 år. (NB! Sidan vi her nyttar befolkninga som nemnar, vert prosentdelane noko lavare enn dei som byggjer på arbeidsstyrken.) Begge desse fylka har og hatt ein auke med respektive 1,5 og 1,9 prosentpoeng frå august 1999 til august 2000. Elles ligg arbeidsløysa blant innvandrarane høgt i Rogaland og Finnmark som begge har 7,2 prosent. Rogaland hadde òg den høgste auka på 2,0 prosentpoeng. Elles har det vore nedgang i 13 av fylka i landet. Dei andre fylka som hadde ein viss auke i arbeidsløysa blant innvandrarar, var Buskerud, Aust-Agder, Troms og Finnmark.
Målt i prosent av befolkninga var arbeidsløysa på 2,1 prosent for alle busette og 5,1 prosent for alle
førstegenerasjonsinnvandrarar.
På arbeidsmarknadstiltak
Talet for personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak viser ein svak auke på 0,2 prosentpoeng for heile befolkninga sidan august 1999. Blant førstegenerasjonsinnvandrarane har auken vore på 0,7 prosentpoeng, frå 0,8 prosent til 1,5 prosent i august i år.
Ved utgangen av august finn vi 9 711 personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Av desse er
3 163 førstegenerasjonsinnvandrarar. Dette utgjer ca. 33 prosent av alle deltakarane på arbeidsmarknadstiltak. I forhold til personar i alt var det innvandrarar frå Afrika som hadde den største delen av deltakarane med 2,5 prosent.
Det er Oppland og Telemark som har dei høgste deltakarprosentane for førstegenerasjonsinnvandrarar på respektive 2,9 og 2,6 prosent.
Statistikken kjem ut fire gonger i året.
Tabeller:
- Tabell 1 Registrerte heilt arbeidslause i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av arbeidsstyrken. Utgangen av mai 1999, august 1999, mai 2000 og august 2000
- Tabell 2 Personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av mai 1999, august 1999, mai 2000 og august 2 000
- Tabell 3 Registrerte heilt arbeidslause og personer på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og talet på år busett i Noreg. I prosent av personar i alt 16 -74 år. Utgangen av august 1999 og 2000
- Tabell 4 Registrerte arbeidslause, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og prosent av personar i alt 16-74 år. U tgangen av august 1999
- Tabell 5 Registrerte arbeidslause, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av august 2000
- Tabell 6 Registrerte på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av august 2000
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42