Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Nedgang blant innvandrarar frå Aust-Europa
Innvandrarar frå Aust-Europa har hatt ein nedgang i registrert arbeidsløyse på 0,8 prosentpoeng frå november 1999 til november 2000. For innvandrarar totalt har det vore ein auke frå 6,6 til 6,9 prosent. For heile befolkninga var auken minimal, frå 2,4 til 2,5 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.
Framleis ligg den registrerte arbeidsløysa for innvandrarane frå Afrika høgast, med 12,9 prosent ved utgangen av november 2000, følgd av innvandrarane frå Asia med 9,5 prosent. Innvandrarar frå Aust-Europa, som òg har lege høgt i arbeidsløyse, har hatt den største nedgangen med 0,8 prosentpoeng til 8,7 prosent i november 2000. Truleg skuldast den høge arbeidsløyseprosenten i november 1999 den relativt store tilstrøyminga av kosovoalbanarar det året. Ein del av desse ser no ut til å ha kome i arbeid. Elles ser vi ein viss auke i arbeidsløyseprosenten blant innvandrarar frå Afrika og Sør- og Mellom-Amerika på respektive 0,7 og 0,5 prosentpoeng frå november 1999 til november 2000. Førstegenerasjonsinnvandrarar frå vestlege land ligg elles berre litt i underkant av 1 prosentpoeng over arbeidsløyseprosenten for heile landet. Den er lågast for innvandrarar frå Norden med 2,7 prosent.
Auke blant menn
Det er primært blant mannlege innvandrarar at auken i arbeidsløysa har funne stad, frå 7,4 prosent i november 1999 til 7,8 prosent i november 2000, rekna i prosent av arbeidsstyrken. Blant kvinnelege innvandrarar var auken på berre 0,1 prosentpoeng. I den mannlege befolkninga totalt var det ein auke på 0,2 prosentpoeng, frå 2,6 til 2,8 prosent. For kvinner har den registerte arbeidsløysa lege stabilt på 2,2 prosent. Lågast arbeidsløyseprosent av alle hadde innvandrarkvinner frå Norden med 1,9, som òg er under landsgjennomsnittet.
Nedgang for dei med butid fire til seks år
Det er blant dei med butid på mellom fire og seks år, som har det høgaste nivået på arbeidsløysa, at vi finn nedgang. Her gjekk arbeidsløysa ned frå 5,9 prosent i november 1999 til 5,3 prosent i november 2000 (i prosent av personar 16-74 år i alt), med andre ord ein nedgang på 0,6 prosentpoeng. For dei med butid under fire år har det vore ein auke på 0,8 prosentpoeng, frå 3,3 til 4,1 prosent. Den lågare arbeidsløysa blant dei med kortast butid heng saman med at mange i denne gruppa enno ikkje har registrert seg som arbeidssøkjarar.
Den fylkesvise utviklinga
Finnmark og Rogaland hadde den høgaste registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane med respektive 8,4 og 6,6 prosent målt i forhold til befolkninga 16-74 år. (NB! Sidan vi her nyttar befolkninga som nemnar, vert prosentdelane noko lågare enn dei som byggjer på arbeidsstyrken.) Finnmark var òg det fylket som hadde den største auken frå november 1999 til november 2000, på 2,1 prosentpoeng. Elles hadde Nordland og Rogaland ein auke på respektive 1,8 og 1,5 prosentpoeng.
Målt i prosent av befolkninga var arbeidsløysa på 1,8 for alle busette og 4,3 for alle førstegenerasjonsinnvandrarar.
På arbeidsmarknadstiltak
Talet for personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak viser berre ein marginal auke frå 0,4 prosent i november 1999 til 0,5 prosent i november 2000 sett i forhold til heile befolkninga. Blant førstegenerasjonsinnvandrarane har denne prosentdelen auka frå 2,0 til 2,4.
Ved utgangen av november 2000 var det 17 449 personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Av desse var 5 331 førstegenerasjonsinnvandrarar, som utgjer om lag 30 prosent av alle deltakarane på arbeidsmarknadstiltak. Dette ser ut til å vere ein nokså stabil prosentdel. Det er primært innvandrarar frå ikkje-vestlege land vi finn i denne deltakargruppa, med hovudvekt på Aust-Europa og Asia. I forhold til busette personar i alt var det innvandrarar frå Afrika og Aust-Europa som hadde dei høgaste deltakarprosentane på respektive 4,2 og 3,7. Blant innvandrarar frå vestlege land er desse deltakarprosentane om lag dei same som vi finn i heile befolkninga.
Det var Nordland og Nord-Trøndelag som hadde dei høgaste deltakarprosentane for førstegenerasjonsinnvandrarar med respektive 4,6 og 4,4.
Tabeller:
- Tabell 1 Registrerte heilt arbeidslause i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av arbeidsstyrken. Utgangen av august 1999, november 1999, august 2000 og november 2000
- Tabell 2 Personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av august 1999, november 1999, august 2000 og november 2000
- Tabell 3 Registrerte heilt arbeidslause og personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og talet på år busett i Noreg. I prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av november 1999 og 2000
- Tabell 4 Registrerte arbeidslause, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av november 1999
- Tabell 5 Registrerte arbeidslause, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av november 2000
- Tabell 6 Registrerte på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av november 2000
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42