1108_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/innvarbl/arkiv
1108
Fleire ledige i alle innvandrargrupper
statistikk
2002-11-27T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Innvandring og innvandrere
no
innvarbl, Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå), arbeidsmarkedstiltak, innvandrerbakgrunn, landbakgrunn, botidArbeid og lønn, Arbeidsledighet, Innvandring og innvandrere, Arbeid og lønn
false

Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå)3. kvartal 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fleire ledige i alle innvandrargrupper

Arbeidsløysa har auka blant innvandrarar frå alle delar av verden det siste året. Totalt auka den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar frå 7,8 til 9,2 prosent frå august 2001 til august 2002. For heile Noregs befolkning steg ho frå 2,9 til 3,5 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken. Blant innvandrarar frå Afrika er arbeidsløysa fem gonger så høg som for heile befolkninga.

Ikkje-vestlege innvandrarar registrert arbeidslause eller på arbeidsmarknadstiltak i prosent av personar 16-74 år i alt, etter bustadfylke. Utgangen av august 2002

Ein innvandrar reknast her som ein person som er fødd i utlandet av utanlandsk fødde foreldre (også kalla førstegenerasjons innvandrar).

Innvandrarar frå Afrika hadde den største auka i registrert arbeidsløyse med 2,8 prosentpoeng, og dei

ligg óg høgast når det gjeld arbeidsløyse, med 17,4 prosent. Dette er eit nivå som ligg fem gonger høgare enn arbeidsløysa for heile befolkninga. Elles finn vi ei arbeidsløyse på 12,4 og 10,6 prosent for innvandrarar frå respektive Asia og Aust-Europa. Innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika hadde den lågaste arbeidsløysa blant dei ikkje-vestlege med 9,7 prosent. Innvandrarar frå Norden og Vest-Europa elles hadde ei arbeidsløyse berre nokre desimalar høgare enn den vi finn for heile landet med respektive 3,8 og 3,9 prosent. Desse skilnadane mellom innvandrargruppene syner seg som eit stabilt mønster når det gjeld registrert arbeidsløyse.

Kvar sjette arbeidslaus person er innvandrar

Det var registrert 13 799 heilt arbeidslause innvandrarar ved utgangen av august 2002. Desse utgjer om lag 17 prosent, eller kvar sjette person, av heile gruppa på 82 496 registrerte ledige. Trass i ein auke også blant dei vestlege innvandrarane, er arbeidsløyse i det heile eit fenomen som gjer seg mest gjeldande blant dei med ikkje-vestleg bakgrunn. Av dei 13 799 registrerte arbeidslause innvandrarane i 3. kvartal 2002, kjem 11 564 frå ikkje-vestlege land, noko som utgjer ein del på 84 prosent.

Størst prosentvis auke blant nordiske

Ser vi på endringane i dei absolutte tala på registrerte ledige, finn vi derimot den største prosentvise auka blant dei nordiske innvandrarane. Dei hadde ein auke på 35 prosent frå august 2001 til august 2002. Innvandrarar frå Afrika og Asia hadde ein auke med respektive 28 og 25 prosent. For heile befolkninga steig talet på registrert arbeidslause med 23 prosent. Den same auka finn vi óg for innvandrarar samla.

Flest innvandrarmenn ledige

Menn, både i heile befolkninga og blant innvandrarane, hadde den største prosentvise auka i talet på registrerte ledige frå august 2001 til august 2002. Auka var i begge desse gruppene 24 prosent. Det tilsvarande talet for kvinner totalt og dei kvinnelege innvandrarane var 22 prosent. I heile befolkninga var det i 3. kvartal 2002 ikkje noko skilnad på arbeidsløysa blant menn og kvinner. Begge gruppene hadde ei registrert arbeidsløyse på 3,5 prosent. Blant innvandrarane var som vanleg arbeidsløysa høgast blant menn, nemleg 9,7 prosent kontra kvinnene sine 8,6 prosent (i prosent av arbeidsstyrken).

Størst auke for dei med som har budd her frå 4 til 6 år

Auka i arbeidsløysa var størst blant dei innvandrarane som har budd i landet mellom 4 og 6 år. Her var det ein auke på 1,3 prosentpoeng frå august 2001 til august 2002. Det er óg i denne gruppa vi finn høgast arbeidsløyse, nemleg 7,2 prosent (NB! i prosent av alle innvandrarar, 16-74 år, med butid 4-6 år). Dei som har budd i Noreg i mindre enn fire år, hadde ei arbeidsløyse på 6,0 prosent, medan dei med butid på over sju år låg på 5,6 prosent. Den litt lågare arbeidsløysa blant dei med kortast butid tyder på at mange innvandrarar treng ei viss integrering i det norske samfunnet før ein er klar for å la seg registrere på arbeidskontoret. Ser vi på endringane frå august 2001 til august 2002 i dei einskilde innvandrargruppene med butid frå 4 til 6 år, finn vi den største auka blant dei frå Afrika med 3,7 prosentpoeng medan asiatiske innvandrarar hadde ein auke på 1,9 prosentpoeng.

Høgast arbeidsløyse i Finnmark

Finnmark hadde i august 2002 den høgaste registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane med 9,0 prosent målt i forhold til innvandrarbefolkninga 16-74 år. (NB! Sidan vi her nyttar befolkninga som nemnar, vert prosentdelane noko lågare enn dei som byggjer på arbeidsstyrken). Fylket med nest høgast arbeidsløyse var Østfold, med 7,1 prosent. Den lågaste arbeidsløysa finn vi i Akershus og Troms med respektive 3,8 og 4,3 prosent.

Målt i prosent av befolkninga var den registrerte arbeidsløysa på 2,6 prosent for alle busette og 5,9 prosent for alle innvandrarar.

Ser vi på endringane frå august 2001 til august 2002, er det som venta mest auke å spore i Finnmark, der den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane steig med 2,5 prosentpoeng. Nest etter dette fylket var det Aust-Agder og Møre og Romsdal som hadde høgast auke, begge med 1,4 prosentpoeng.

Elles kan det nemnast at Sogn og Fjordane og Troms gjekk "mot straumen", med ein svak nedgang i arbeidsløysa blant innvandrarar.

Færre innvandrarar på arbeidsmarknadstiltak

Trass i aukande arbeidsløyse held nedgangen i talet på deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak fram. Blant innvandrarar gjekk dette talet ned frå 2 469 deltakarar i august 2001 til 2 059 i august 2002. Dette er ein nedgang på om lag 17 prosent. For heile befolkninga var nedgangen ein god del mindre, nemleg berre 1 prosent, frå 6 330 til 6 260 personar i alt.

Ser vi nærare på samansetjinga i den totale deltakargruppa, representerer innvandrarane 33 prosent av alle deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Av dei 2 059 deltakarane som er innvandrarar, har heile 1 939 ikkje-vestleg bakgrunn. Dei vestlege innvandrarane er når det gjeld arbeidsmarknadstiltak, heilt marginale grupper. Dette er i det heile teke stabile trekk med omsyn til deltakinga på slike tiltak.

Dei fylkesvise tala viser elles at Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag hadde den høgaste deltakarprosenten for innvandrarar, med respektive 1,7 og 1,5 prosent. Elles hadde fylka Akershus, Møre og Romsdal og Finnmark den lågaste deltakinga, alle med 0,5 prosent.

For innvandrarar i heile landet ligg deltakarprosenten på 0,9 medan deltakinga for heile befolkninga er på 0,2 prosent.

Tabeller: