Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Framleis aukande arbeidsløyse
Auka i arbeidsløysa held fram. Totalt auka den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar frå 7,9 prosent i februar 2002 til 9,8 prosent i februar 2003. For heile Noregs befolkning steg ho frå 3,0 til 3,9 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.
Ein innvandrar reknast her som ein person som er fødd i utlandet av utanlandsk fødde foreldre (også kalla førstegenerasjons innvandrar).
Innvandrar frå Afrika ligg høgast når det gjeld registrert arbeidsløyse, med 17,8 prosent. Dette er over fire gonger så høg arbeidsløyse som i heile befolkninga. Elles finn vi ei arbeidsløyse på 12,8 og 11,1 prosent for innvandrarar frå respektive Asia og Aust-Europa. Innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika hadde den lågaste arbeidsløysa blant dei ikkje-vestlege med 10,7 prosent. Innvandrarar frå Norden og Vest-Europa hadde respektive 4,6 og 4,8 prosent arbeidslause, det vil seie mindre enn eitt prosentpoeng over nivået for heile landet.
Høgast prosentvis auke blant nordiske
Ser vi på endringane i dei absolutte tala på registrerte ledige, finn vi den høgaste auken blant innvandrarar frå Norden med over 50 prosent frå februar 2002 til februar 2003. Innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika og Afrika hadde ein auke på respektive 36 og 33 prosent. Den lågaste prosentvise auken finn vi blant innvandrarar frå Aust-Europa med 23 prosent. For heile befolkninga steg talet på registrert arbeidslause med 29 prosent. For innvandrarar samla var auken på 30 prosent.
Flest menn registrert ledige
I heile befolkninga var det i 1. kvartal 2003 ei registrert arbeidsløyse på 4,4 prosent blant menn og 3,3 prosent blant kvinner. Blant innvandrarane var dei tilsvarande tala 11,0 og 8,4 prosent.
Menn, både i heile befolkninga og blant innvandrarane, hadde den største prosentvise auken i talet på registrerte ledige frå februar 2002 til februar 2003. I begge gruppene var auken på 31 prosent.
Den tilsvarande auken for kvinner totalt var 25 prosent og for dei kvinnelege innvandrarane 29 prosent.
Høgast arbeidsløyse i Østfold og Finnmark
Østfold og Finnmark hadde i februar 2003 den høgaste registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane, begge med 7,9 prosent målt i forhold til innvandrarbefolkninga 16-74 år. (NB! Sidan vi her nyttar befolkninga som nemnar, vert prosentdelane noko lågare enn dei som byggjer på arbeidsstyrken). Fylket med nest høgast arbeidsløyse var Vest-Agder med 7,8 prosent. Den lågaste arbeidsløysa blant førstegenerasjonsinnvandrarane finn vi i Troms og Akershus med respektive 4,2 og 4,4 prosent.
Målt i prosent av befolkninga var den registrerte arbeidsløysa på 2,8 prosent for alle busette og 6,2 prosent for alle innvandrarar.
Ser vi på endringane frå februar 2002 til februar 2003, finn vi mest auke i Telemark og Vest-Agder der den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane steig med respektive 2,2 og 2,0 prosentpoeng.
Trass i ei framleis aukande arbeidsløyse på landsbasis finn vi også dette kvartalet fylke som gjekk "mot straumen". Nord-Trøndelag og Nordland hadde ein liten nedgang i arbeidsløysa blant innvandrarar på 0,4 prosentpoeng - trass i ein svak auke i arbeidsløysa blant busette elles i desse fylka.
Fleire på arbeidsmarknadstiltak
Talet på deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak har no begynt å auke. For deltakarar totalt steig talet frå 11 723 i februar 2002 til 16 739 i februar 2003, som er ein auke på 43 prosent. Blant innvandrarar gjekk dette talet opp frå 3 733 deltakarar til 4 574, ein auke på 23 prosent. Målt i prosent av befolkninga steig deltakardelen frå 0,4 prosent til 0,5 prosent på landsbasis. For innvandrarar gjekk dette talet opp frå 1,6 til 1,9 prosent.
Ser vi nærare på samansetnaden i den totale deltakargruppa, representerer innvandrarane 27 prosent av alle deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Av dei 4 574 deltakarane som er innvandrarar, har heile 4 291 ikkje-vestleg bakgrunn, det vil seie 94 prosent. Dei vestlege innvandrarane er når det gjeld arbeidsmarknadstiltak, heilt marginale grupper. Dette er i det heile teke stabile trekk med omsyn til deltakinga på slike tiltak.
Vi finn elles nokre fleire innvandrarkvinner enn -menn som deltakarar på slike tiltak, 2 444 kontra
2 130. I prosent av innvandrarbefolkninga er deltakardelen på 2,0 for kvinner og 1,8 for menn.
I heile befolkninga er dei mannlege deltakarane i fleirtal, nemleg 8 622 kontra 8 117. I prosent av befolkninga blir deltakardelen likevel den same for menn og kvinner, nemleg 0,5 prosent.
Dei fylkesvise tala viser elles at Nordland og Troms hadde dei høgaste deltakarprosentane for innvandrarar med respektive 3,6 og 3,1 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Registrerte heilt arbeidslause i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av arbeidsstyrken. Utgangen av november 2001, februar 2002, november 2002 og februar 2003
- Tabell 2 Personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av november 2001, februar 2002, november 2002 og februar 2003
- Tabell 3 Registrerte heilt arbeidslause og personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og talet på år busett i Noreg. I prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av februar 2002 og 2003
- Tabell 4 Registrerte arbeidslause, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av februar 2002
- Tabell 5 Registrerte arbeidslause, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av februar 2003
- Tabell 6 Registrerte på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av februar 2003
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42