1102_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/innvarbl/arkiv
1102
Arbeidsløysa auka i alle grupper
statistikk
2003-08-27T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Innvandring og innvandrere
no
innvarbl, Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå), arbeidsmarkedstiltak, innvandrerbakgrunn, landbakgrunn, botidArbeid og lønn, Arbeidsledighet, Innvandring og innvandrere, Arbeid og lønn
false

Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå)2. kvartal 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Arbeidsløysa auka i alle grupper

Auken i arbeidsløysa held fram. Totalt auka den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar frå 7,7 prosent i mai 2002 til 9,7 prosent i mai 2003. I heile befolkninga steig ho frå 2,9 til 3,7 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.

Ein innvandrar reknast her som ein person som er fødd i utlandet av utanlandsk fødde foreldre - også kalla førstegenerasjons innvandrar.

Innvandrarar frå Afrika ligg høgast når det gjeld registrert arbeidsløyse, med 17,8 prosent. Dette er over fire gonger så høg arbeidsløyse som i heile befolkninga. Elles finn vi ei arbeidsløyse på 13,0 og 11,2 prosent for innvandrarar frå respektive Asia og Sør- og Mellom-Amerika. Den sistnemnde gruppa hadde også den største auken med 3,5 prosentpoeng. Elles finn vi ei arbeidslause på 10,5 prosent blant dei frå Aust-Europa. Dette er den lågaste prosentdelen blant dei ikkje-vestlege i 2. kvartal. Som vanleg ligg arbeidsløysa blant dei vestlege innvandrarane berre nokre desimalar over nivået for heile befolkninga med 4,4 prosent - både blant dei nordiske og dei andre vesteuropeiske - men også her har det vore auke av ein viss storleik. Nordiske innvandrarar hadde til dømes ein auke på 1,3 prosentpoeng som er like stor som den vi finn blant dei austeuropeiske.

Størst auke blant dei med butid frå 4 til 6 år

Arbeidsløysa gjekk opp med 1,8 prosentpoeng blant dei med butid frå 4 til 6 år frå mai 2002 til mai 2003. Dette er også den gruppa som har høgast arbeidsløyse, noko som truleg heng saman med at det må ein viss integrasjon til før ein er klar for å la seg registrere på arbeidskontora. Størst auke i denne gruppa hadde innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika med 5,2 prosentpoeng. Elles ser vi blant dei vestlege innvandrarane at auken er størst blant dei med kortast butid - sjølv om nivået her er mykje lågare enn blant dei ikkje-vestlege. Det er grunn til å tru at fleire av desse allereie har vore i arbeid og at dei dermed lettare melder seg arbeidslause når det blir snakk om oppseiingar.

Flest menn registrert ledige

I heile befolkninga var det i 2. kvartal 2003 ei registrert arbeidsløyse på 4,1 prosent blant menn og 3,2 prosent blant kvinner. Blant innvandrarane var dei tilsvarande tala 10,8 og 8,4 prosent. Menn hadde også den største auken både i heile befolkninga og blant innvandrarar med 1,1 og 2,4 prosentpoeng i dei respektive gruppene kontra 0,5 og 1,4 prosentpoeng blant kvinnene.

Ikkje-vestlege innvandrarar registrert arbeidslause eller på arbeidsmarknadstiltak i prosent av personar 16-74 år i alt, etter bustadfylke. Utgangen av mai 2003

Høgast arbeidsløyse i Finnmark og Møre og Romsdal

Finnmark og Møre og Romsdal hadde i mai 2003 den høgaste registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane, med respektive 9,0 og 7,6 prosent målt i forhold til innvandrarbefolkninga 16 - 74 år.

Sidan vi her nyttar befolkninga som nemnar, vert prosentdelane noko lågare enn dei som byggjer på arbeidsstyrken.

Østfold ligg også høgt når det gjeld arbeidsløyse blant innvandrarar med 7,5 prosent. Den lågaste arbeidsløysa blant førstegenerasjonsinnvandrarane finn vi i Troms og Akershus med respektive 3,5 og 4,3 prosent.

Målt i prosent av befolkninga var den registrerte arbeidsløysa på 2,7 prosent for alle busette og 6,2 prosent for alle innvandrarar.

Ser vi på endringane frå mai 2002 til mai 2003, finn vi størst auke i Finnmark der den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane steig med 3,3 prosentpoeng. Østfold hadde den nest største auken med 1,7 prosentpoeng.

Også dette kvartalet finn vi fylke som gjekk "mot straumen" med omsyn til den generelle auken i arbeidsløysa. Nord-Trøndelag hadde ein liten nedgang i arbeidsløysa blant innvandrarar på 0,4 prosentpoeng - trass i ein tilsvarande auke i arbeidsløysa blant busette elles i dette fylket.

Stadig fleire på arbeidsmarknadstiltak

Talet på deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak held fram med å auke. For deltakarar totalt steig talet frå 12 527 i mai 2002 til 20 826 i mai 2003, ein auke på 66 prosent. Blant innvandrarar gjekk dette talet opp frå 3 856 deltakarar til 5 361, ein auke på 39 prosent. Målt i prosent av befolkninga steig deltakardelen frå 0,4 prosent til 0,6 prosent på landsbasis. For innvandrarar gjekk dette talet opp frå 1,7 til 2,2 prosent. Dei frå Afrika og Asia hadde dei høgaste deltakardelane med respektive 4,2 og 3,0 prosent.

Ser vi nærare på samansetjinga i den totale deltakargruppa, representerer innvandrarane 26 prosent av alle deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Av dei 5 361 deltakarane som er innvandrarar, har heile 4 955 ikkje-vestleg bakgrunn, det vil seie 92 prosent. Dei vestlege innvandrarane er når det gjeld arbeidsmarknadstiltak, heilt marginale grupper. Dette er i det heile teke stabile trekk med omsyn til deltakinga på slike tiltak.

Vi finn elles nokre fleire innvandrarkvinner enn -menn som deltakarar på slike tiltak, 2 819 kontra 2 542. I prosent av innvandrarbefolkninga er deltakardelen på 2,3 for kvinner og 2,1 for menn. I heile befolkninga er dei mannlege deltakarane i fleirtal, nemleg 10 747 kontra 10 079. I prosent av befolkninga blir deltakardelen for menn 0,7 prosent og for kvinner 0,6.

Dei fylkesvise tala viser elles at Troms hadde den høgaste deltakarprosenten for innvandrarar med 3,8 prosent. Nest høgast deltakardel finn vi i Aust-Agder og Nordland, begge fylke med 3,3 prosent.

Tabeller: