Trendtal er glatta sesongjusterte tal, og representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen. Sidan berekninga av trendtala i slutten av tidsserien delvis bygger på framskrivingar, er det ekstra stor uvisse mot slutten av tidsserien. frå Arbeidskraftundersøkinga viser at I AKU vert ein rekna som arbeidslaus om ein ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av de siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker om ein fekk tilbod om jobb. Ufrivillig permitterte vert rekna som arbeidslause om dei er permittert i meir enn tre månader i samanheng og elles fyller krava om jobbsøking og tilgjenge. var uendra frå mars til oktober 2024, men auka litt etter det. 123 000 personar var arbeidslause i desember, det same talet som i november. Det utgjer 4,1 prosent av arbeidsstyrken i begge månadane. Ingen grupper etter kjønn og alder stikk seg ut med uvanleg utvikling.
Tala for august, september og november er revidert litt opp ved publiseringa av resultata for desember. Tidlegare publiserte tal kan bli endra noko når det kjem inn informasjon om ein ny månad og trendtala blir berekna på nytt.
– Arbeidsløysa var 4,1 prosent i dei siste to månadane av 2024, og steig dermed 0,2 prosentpoeng frå januar 2024, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.
Færre jobbar i desember
Dei sesongjusterte førebelse tala frå statistikken tal på arbeidsforhold og lønn viser ein nedgang på 12 850 Jobbar og arbeidsforhold vert her brukt som synonym og er definert som arbeid som vert kompensert med lønn o.l. Omgrepet inkluderar både hovudjobbar og bi-jobbar. Ein person kan ha fleire jobbar i ulike verksemder. Fleire jobbar i same verksemd for same person blir lagt saman til éin jobb mellom november og desember. Det svarer til eit fall på 0,4 prosent. Endringa skuldas ein svak minking i fleire næringar, men framfor alt nedgangen i helse- og sosialtenester på om lag 4 900 jobbar.
Nedgangen i talet på jobbar må sjåast i samanheng med auken i haust, særleg i helse- og sosialtenester. Samanlikna med september er det 2 800 fleire jobbar i næringa i desember, og i alle næringar til saman har det vore ein auke på 1 300 jobbar.
8 000 fleire ukrainarar i jobb i 2024
Dei ujusterte førebelse tala for desember 2024 viser at det er 10 300 fleire Lønnsmottakarar er alle som mottek kompensasjon for arbeid i form av lønn o.l. Lønnsmottakarar inkluderer både ordinære og maritime jobbar, i tillegg til jobbar som frilansar, oppdragstakar og personar som mottek honorar. For lønnsmottakarar med fleire jobbar er ein av jobbane fastsett som den viktigaste (hovudjobben).<br> i desember enn same månad i 2023. Auken skyldast fleire lønnsmottakarar blant Personar som er født i utlandet av utanlandsfødte foreldre, og som er registrert busett i Noreg ifølgje "Det sentrale folkeregisteret". Blant innvandrarane reknes både flyktnignar, arbeidsinnvandrarar, familieinnvandrarar m. fl.. Norskfødte med innvandrarforeldre reknes ikkje som innvandrar. , da det har blitt færre Utanlandske pendlarar er definert som personar registrerte i Folkeregisteret med planlagt opphald i Noreg på under seks månader. Dei omfattar personar med eit mellombels personnummer (D-nummer) eller som er registrert som utvandra, men jobbar i Noreg. og andre busette i same periode.
– Over 8 000 fleire ukrainarar var i jobb samanlikna med same periode året før. I tillegg er det drygt 3 600 fleire innvandrarar frå Asia i jobb, deriblant mange frå Syria, seier Tonje Køber.
Fleire tal om sysselsettinga av ukrainske innvandrarar er tilgjengeleg i ein eigen artikkel som blir oppdatert annankvar månad.
Dei sesongjusterte tala for jobbar, lønnsmottakarar og gjennomsnittleg kontantlønn frå statistikken Tal på arbeidsforhold og lønn, vert òg publisert i visualisert form.