I sesongjusteringsprosessen blir serien spalta opp i tre komponentar: sesong, irregulær komponent (tilfeldig variasjon) og trend. Trenden representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen.frå Arbeidskraftsundersøkninga (AKU) viser ei I AKU blir ein rekna som arbeidslaus viss ein ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker. Ufrivillig permitterte blir rekna som arbeidsledige viss dei er permitterte samanhengande i meir enn tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. på 4,0 prosent i april, noko som svarar til 119 000 arbeidslause personar. Dette utgjer ein auke på 0,1 prosentpoeng frå førre månad. Gitt uvissa i tala, omtala i boks lenger ned, er denne endringa mellom mars og april så lita at vi ikkje med visse kan seie at det faktisk har vore ei endring. Men samanlikna med april 2023, har det vore ein auke i arbeidsløysa på 0,5 prosentpoeng. Auken har vore sterkast blant menn.

– Sjølv om arbeidsløysa i Noreg no har kome opp på 4 prosent, er det fortsett eit lågt nivå sett i forhold til våre nordiske naboland Sverige og Finland, kor arbeidsløysa er dobbelt så høg, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

Samstundes som arbeidsløysa auka frå april 2023 til same månad i 2024, har sysselsettinga målt i prosent av befolkninga gått ned. Talet på personar som har utført inntektsgivande arbeid av minst ein time varigheit i den uka vi samlar inn informasjon om. I tillegg er personar som har slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande også definert som sysselsette.gjekk opp med 12 000 i denne perioden – men sidan befolkninga auka enda meir, gjekk sysselsette målt i prosent av befolkninga ned med 0,5 prosentpoeng.

Figur 1. Arbeidsløysa i prosent av arbeidsstyrken. Personer 15-74 år, trendtal.

Litt færre jobbar i april

Dei sesongjusterte førebelse tala frå statistikken tal på arbeidsforhold og lønn viser ein liten nedgang på 4 800 Jobbar og arbeidsforhold vert her brukt som synonym og er definert som arbeid som vert kompensert med lønn o.l. Omgrepet inkluderar både hovudjobbar og bi-jobbar. Ein person kan ha fleire jobbar i ulike verksemder. Fleire jobbar i same verksemd for same person blir lagt saman til éin jobb mellom mars og april. Det svarer til ein nedgang på 0,2 prosent. Endringa er hovudsakleg forårsaka av nedgang i næringane industri og undervisning på om lag 2 500 jobbar kvar. 

Størst jobbauke blant innvandrarar det siste året

Dei ujusterte førebelse tala for april viser at det er 27 400 fleire jobbar sammenlikna med same månad i 2023. Auken kjem i hovudsak fordi det er om lag 20 100 fleire jobbar blant Personar som er født i utlandet av utenlandsfødte foreldre, og som er registrert busett i Noreg ifølgje "Det sentrale folkeregisteret". Blant innvandrarane reknes både flyktnignar, arbeidsinnvandrarar, familieinnvandrarar m. fl.. Norskfødte med innvandrarforeldre reknes ikkje som innvandrar. . Det utgjer ei stiging på 3,5 prosent for innvandrarar, som er betydeleg høgare enn auken for øvrige busatte på 0,4 prosent. Samstundes har det vorte færre jobbar for Utanlandske pendlarar er definert som personar registrerte i Folkeregisteret med planlagt opphald i Noreg på under seks månader. Dei omfattar personar med eit mellombels personnummer (D-nummer) eller som er registrert som utvandra, men jobbar i Noreg., som òg er omtala som ikkje busatte.

– Ein auke på 7 200 jobbar blant ukrainske innvandrarar utgjer ein stor del av jobbauken fra april 2023 til samme månad i år. I samme periode har det komme 5 600 fleire jobbar blant innvandrarar frå Asia, seier Tonje Køber.

Fleire tal om sysselsettinga av ukrainske innvandrarar er tilgjengeleg i ein eigen artikkel som blir oppdatert kvar månad.

Figur 2. Endringar i tal på jobbar frå april 2023 til april 2024

Dei sesongjusterte tala for jobbar, lønnsmottakarar og gjennomsnittleg kontantlønn frå statistikken Tal på arbeidsforhold og lønn, vert òg publisert i visualisert form.