Trendtal er glatta sesongjusterte tal, og representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen. Sidan berekninga av trendtala i slutten av tidsserien delvis bygger på framskrivingar, er det ekstra stor uvisse mot slutten av tidsserien.frå Arbeidskraftsundersøkninga (AKU) viser at I AKU vert ein rekna som arbeidslaus om ein ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av de siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker om ein fekk tilbod om jobb. Ufrivillig permitterte vert rekna som arbeidslause om dei er permittert i meir enn tre månader i samanheng og elles fyller krava om jobbsøking og tilgjenge.har vore uendra frå mars til oktober 2024. Talet på arbeidslause personar var 121 000 i oktober, det same som førre månad.
– Arbeidsløysa har vore på 4,0 prosent sidan mars, medan tilbodet på arbeidskraft har auka i form av at det er blitt fleire sysselsette det siste halvåret, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.
Talet på Sysselsette er dei som utførte inntektsgjevande arbeid i minst éin time i referanseveka, og personar som har eit slikt arbeid men som var midlertidig fråverande på grunn av sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande.var 2 904 000 i oktober og har auka med 22 000 personar sidan mars. Dette har gitt ein auke i sysselsettingsprosenten på 0,2 prosentpoeng i denne perioden, til 69,9 prosent i oktober.
Trendtala har alltid ei viss revisjonsuvisse, særleg i slutten av tidsserien. Trendtala representerer den meir langsiktige tendensen i datamaterialet, og det omfattar òg konjunkturane. Trenden kan ofte verte revidert noko når nye observasjonar vert tatt med, særleg mot slutten av tidsserien. Dette heng saman med at berekninga av trendtala i slutten av tidsserien delvis bygger på framskrivingar, som det alltid vil vere uvisse rundt. Sidan desse framskrivingane kan endre seg når vi får inn nye data og gjer trendberekningane på nytt, kan retninga som trendtala indikerer ved ei publisering for ein gitt månad endre seg ved publiseringa for den neste månaden. Både sesongjusterte tal og trendtal kan bli endra, også bakover i tid, når det kjem til nye observasjonar – men slik revisjonsuvisse er klart størst for trendtala i slutten av tidsserien. I tillegg til revisjonsuvissa er det òg utvalsuvisse i resultata frå AKU fordi dei bygger på opplysningar som er gjevne av eit utval av befolkninga. For dei tre månaders glidande gjennomsnitta av sesongjusterte månadstal tar vi utgangspunkt i feilmarginar på +/- 10 000 for arbeidslause og +/- 18 000 for sysselsette. Feilmarginane viser kor stor endringa i AKU må vere før vi kan vere nokså sikre på at det har skjedd ei endring. I tillegg kan resultata frå månad nummer éin og to i kvartalet verte endra noko ved publiseringa av påfølgjande månad. Desse to månadene vert berekna på nytt påfølgjande månad i kvartalet fordi datamaterialet vert supplert med intervju som SSB ikkje rakk å få med innan publiseringsfristen for månad éin og to. Vi nyttar da òg meir oppdatert informasjon om heile populasjonen frå A-ordninga og Folkeregisteret.