Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport
Oppdatert: 17. oktober 2024
Neste oppdatering: 17. januar 2025
3. kvartal 2024 | |||
---|---|---|---|
Kostnadsindeks | Endring siste kvartal (prosent) | Endring siste år (prosent) | |
Utan bom- og ferjekostnader | |||
Alle transporttyper utenom varebiltransport | 119,6 | 0,0 | 1,8 |
Nærtransport | 119,4 | 0,1 | 2,0 |
Regionaltransport | 119,1 | 0,1 | 1,8 |
Langtransport | 119,8 | 0,2 | 1,6 |
Tank- og bulktransport | 120,3 | 0,0 | 1,8 |
Tømmertransport | 120,4 | -0,2 | 1,9 |
Anleggstransport, korte strekninger | 119,3 | -0,3 | 1,5 |
Renovasjon, hushaldsavfall | 121,1 | 0,5 | 3,2 |
Varebiltransport | 118,1 | 0,1 | 3,4 |
Med bom- og ferjekostnader | |||
Alle transporttyper utenom varebiltransport | 119,4 | 0,0 | 2,0 |
Nærtransport | 119,3 | 0,1 | 2,2 |
Regionaltransport | 118,9 | 0,1 | 2,1 |
Langtransport | 119,4 | 0,2 | 2,0 |
Tank- og bulktransport | 120,1 | 0,0 | 2,1 |
Tømmertransport | 120,3 | -0,2 | 2,0 |
Anleggstransport, korte strekninger | 119,2 | -0,3 | 1,6 |
Renovasjon, hushaldsavfall | 121,0 | 0,5 | 3,2 |
Varebiltransport | 117,9 | 0,1 | 3,4 |
Om statistikken
Statistikken gir kvartalsvis informasjon om endringa i kostnadane til vare- og lastebilar samanlikna med ein tidlegare periode.
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 5. januar 2024.
Køyretøygruppe: er ein inndeling av lastebilparken i ulike grupper etter kva for type transport bilane brukast til. Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport består av 8 slike køyretøygrupper:
- Nærtransport, transport rundt 50 kilometer
- Regionaltransport, transport rundt 100 kilometer
- Langtransport, transport rundt 500 kilometer
- Tank- og bulktransport
- Tømmertransport
- Anleggstransport, korte strekningar
- Renovasjon, hushaldsavfall
- Varebiltransport, varebilar med total vekt under 3,5 tonn
Pris er faktiske utsalspriser på varer og tenester som som blir kjøpt av eigarane i vare- og lastebilnæringa.
Kostnadskomponentar er dei viktigaste utgiftene som eigarar av vare- og lastebilar har:
Kostnadsgruppene er utgangspunktet for delindeksane. Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport består av fem slike delindeksar:
1. Arbeidskraftkostnader
2. Drivstoff
3. Bom- og ferjekostnader
4. Kapital (Avskrivingar og rentekostnader)
5. Øvrige kostnader (dekk, forsikring, vedlikehald og reparasjon, administrasjon, vektårsavgift/årsavgift)
Køyretøygruppe er inndeling av lastebilparken i ulike grupper etter kva for type transport bilane brukast til. Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport består av åtte slike køyretøygrupper:
- Nærtransport, transport rundt 50 kilometer
- Regionaltransport, transport rundt 100 kilometer
- Langtransport, transport rundt 500 kilometer
- Tank- og bulktransport
- Tømmertransport
- Anleggstransport, korte strekninger
- Renovasjon, hushaldsavfall
- Varebiltransport, varebilar med total vekt under 3,5 tonn
Vekt: viser kostnadsdelen for ein kostnadskomponent, kostnadsgruppe eller næring som inngår i ein indeks. Vektdelen brukast som eit mål på kor viktig ein kostnadskomponent er og avgjer kor mykje den skal telje i ein indeks.
Arbeidskraftkostnader
- inngår utbetalt avtalt løn og indirekte kostnader (sosiale kostnader, arbeidsgjevaravgift og liknande) i avtalt arbeidstid for heiltids- og deltidstilsette.
Drivstoff
- er basert på rettleiande truckdieselpriser frå eit utval forhandlarar over heile landet for lastebiltransport og konsumprisindeks for autodiesel til varebiltransport.
Bom og ferjekostnader
- er basert på prisar for bompengeselskap og ferjeselskap henta frå Internet
Kapitalkostnader
- består av avskrivingskostnader og rentekostnader. Prisutviklinga på chassis og påbygg blir innhenta frå marknadsdominerande prisleverandørar. Renteutviklinga er basert på 3-månader NIBOR-rente frå Norske Finansielle Referanser AS (NoRe) pluss utlånsmargin.
Øvrige kostnader er basert på
- Prisutviklinga for ulike dekktypar frå dei største merkeforhandlarane
- Administrasjonskostnader inkluderer husleige, porto, tele, papirrekvisita
- Forsikringskostnader er basert på rapportering frå forsikringsselskapa som har størst marknadsdelar innanfor næringa
- Årsavgifter og vektårsavgifter oppdaterast ved endringar i avgiftsnivåa
- Reparasjon/service følgjer utviklinga i prisindeksen for vedlikehald og reparasjon på verkstad som inngår i Konsumprisindeksen. Denne indeksen fangar opp den generelle prisutviklinga på verkstadstenester (delar og timepris) hos bilverkstader
Statistisk sentralbyrå utarbeider også ein prisindeks for godstransport på veg som måler utviklinga i den utfakturerte prisen for transporttenester, https://www.ssb.no/priser-og-prisindekser/produsent-og-engrosprisindekser/statistikk/produsentprisindekser-for-tjenester
Gjeldende Standard for næringsgruppering (SN2007) i Statistisk sentralbyrå bygger på EUs standard NACE Rev. 2.
Namn: Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport
Emne: Transport og reiseliv
Seksjon for energi-, miljø- og transportstatistikk
Nasjonalt.
Indekstala for kvartalet før blir publisert rundt midten av påfølgjande månad.
Ikkje relevant
SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.
SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.
Føremålet med statistikken er å skildre utviklinga i kostnadane knytt til drift av ulike godstransporttypar på veg. Utviklinga av indeksen blei gjort i 1997.Indeksen måler kun endringar i kostnader og ikkje i produktivitet og fortenestemargin hos lastebilselskapa. Indeksen måler endringar både i løn og indirekte personalkostnader.
Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport har vorte utarbeida av SSB sidan januar 1998. Undersøkinga erstatta ei kvartalsvis kostnadsundersøking for lastebiltransport som blei utarbeida av Transportøkonomisk institutt (TØI) til og med 4. kvartal 1997. Frå og med juni 2008 følgjer delindeksane for løn og sosiale kostnader i kostnadsindeksen utviklinga i arbeidskraftskostnadsindeks for tilsette i føretak som driv med godstransport på veg.
Tidlegare var berre lønsutviklinga basert på den kvartalsvise lønsstatistikken, medan endringane i dei indirekte kostnadene blei estimert som ein del av indeksutrekninga.
Frå og med januar 2009 blei statistikken produsert med nye vekter basert på rekneskapstal for 2007 for eit utval av føretak i næringa godstransport på veg. Samstundes blei januar 2009 sett som ny basismånad i indeksen (januar 2009 = 100).
Frå og med januar 2009 blei det også utarbeida ein totalindeks for lastebiltransport. Totalindeksen var eit vekta gjennomsnitt av kostnadsindeksane for køyretøygruppene. På oppmoding frå bransjen blei det frå januar 2009 også utarbeida indekstal utan ferje- og bomkostnader, fordi desse kostnadane i større grad enn andre er spesifikt knytt til det enkelte køyreoppdraget.
Statistisk sentralbyrå (SSB), Norges Lastebileiar-Forbund (NLF) og ei referansegruppe med representantar for lastebilnæringa vart samde om å gå over til ein ny kostnadsindeks frå og med 1. kvartal 2019. Den nye indeksen er utrekna tilbake til 1. kvartal 2016. 1. kvartal 2016 er sett som ny basisperiode i indeksen (1. kvartal 2016=100).
Frå og med 1.kvartal 2021 er det utarbeida ein indeks utan drivstoff. Det er utarbeida ei tidsserie tilbake til 1.kvartal 2016.
Frå og med 1. kvartal 2022 vart Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport kjeda mot referanseperioden (Perioden der indeksen er lik 100) i staden for å bli kjeda mot førre kvartal. Ny referanseperiode er 4. kvartal 2021=100. Indeksen er rekna tilbake til 1. kvartal 2016 med 4.kvartal 2021=100. Referanseperiode er, som for dei andre køyretøygruppene, 4. kvartal 2021=100.
Frå og med 4. kvartal 2022 vart køyretøygruppa varebiltransport inkludert i kostnadsindeksen. Det er utarbeida ei tidsserie tilbake til 4. kvartal 2021 for denne køyretøygruppa. Køyretøygruppa varebiltransport er halde utanom totalindeksen for lastebiltransport.
Statistikken blir laga på oppdrag frå Norges Lastebileiar-Forbund.
Statistikken brukast av næringslivet i samband med inngåing og regulering av kontraktbeløp for vare- og lastebiltransport. I tillegg blir statistikken brukt ved prisforhandlingar mellom transportytarar og -brukarar.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport er bygd etter same mal som:
Kostnadsindeks for buss: skildrar utviklinga i kostnadsnivået for bussnæringen.
Kostnadsindeks for innanriks sjøtransport: skildrar prisutviklinga for innsatsfaktorane i kostnadsnivået til Innanriks sjøtransport.
Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).
Ikkje relevant
Indeksen måler den kvartalsvise kostnadsutviklinga for 7 typar av lastebiltransport og varebiltransport. Kostnadsvektene i indeksen er utrekna på bakgrunn av rekneskapsopplysningar frå eit utval av føretak innanfor næring 49.41 Godstransport på vei. Prisobservasjonane er henta frå leverandørar til vare- og lastebilbransjen (bankar, forsikringsselskap, verkstadar, forhandlarar av drivstoff, dekk, køyretøy, bompengeselskap, ferjerederi, etc).
Indeksen måler den kvartalsvise kostnadsutviklinga for 7 typar av lastebiltransport og varebiltransport. Kostnadsvektene i indeksen er utrekna på bakgrunn av rekneskapsopplysningar frå eit utval av føretak innanfor næring 49.41 Godstransport på vei. Prisobservasjonane er henta frå leverandørar til vare- og lastebilbransjen (bankar, forsikringsselskap, verkstadar, forhandlarar av drivstoff, dekk, køyretøy, bompengeselskap, ferjerederi, etc).
Det er eigne utval for kvar av kostnadspostane som indeksen består av.
- Eksterne datakilder
- Kapitalkostnadar – består av avskrivningskostnadane og rentekostnadar. Prisutviklinga på chassis og påbygg blir innhenta frå marknadsdominerande prisleverandørar.
- Renteutviklinga er basert på 3-måneders NIBOR-rente frå Norske Finansielle Referenser AS (NoRe) og utlånsmarginen til bankane
- Drivstoffindeksen er basert på rettleiande truckdieselpriser frå eit utval forhandlarar over heile landet for lastebiltransport.
- Bom- og ferjekostnadar er basert på prisar for bompengeselskap og ferjeselskap henta frå Internett.
- Dekkprisar blir henta frå dei største markedsdominerande selskapa og følger prisutviklinga for ulike dekktypar.
- Forsikringskostnader er basert på rapportering frå forsikringsselskapa som har størst marknadsdelar innanfor næringa.
- Vektårsavgift/trafikkforsikringsavgift hentast frå Skatteetaten, oppdaterast ved endringar i avgiftsnivåa
- Data fra SSBs registre:
- Konsumprisindeksen, KPI
- Husleige
- Aviser og tidsskrifter
- Teletenester
- Vedlikehalda og reparasjon på verkstad
- Autodiesel for varebiltransport
Arbeidskraftkostnader
- inngår utbetalt avtalt løn og indirekte kostnader (sosiale kostnader, arbeidsgjevaravgift og liknande) i avtalt arbeidstid for heiltids- og deltidstilsette.
Drivstoff
- er basert på rettleiande truckdieselpriser frå eit utval forhandlarar over heile landet for lastebiltransport og autodiesel fra konsumprisindeksen for varebil.
Kapitalkostnader
- består av avskrivingskostnader og rentekostnader. Prisutviklinga på chassis og påbygg blir innhenta frå markedsdominerande prisleverandørar. Renteutviklinga er basert på 3-måneders NIBOR-rente frå Norske Finansielle Referenser AS (NoRe) og bankanes utlånsmargin.
Ørvig kostnader
- Administrasjonskostnader inkluderer husleige, porto, tele, papirrekvisita
- Forsikringskostnader
- Dekk
- Vektårsavgifter og Trafikkforsikringsavgift
- Vedlikehalda og reparasjon på verkstad. Denne indeksen fangar opp den generelle prisutviklinga på verkstads tenester (delar og timepris) hos bilverkstader over heile landet.
Utvalsprosent, dekningsgrad og standardavvik er ikkje utrekna for utvala av prisleverandørar.
Til og med 4. kvartal 2021 blei det utrekna ei realrente basert på 3-månader NIBOR pluss utlånsmargin inflasjonsjustert med femårig gjennomsnitt av KPI-JAE (KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer).
Frå og med 1. kvartal 2022 brukast 3-månader NIBOR henta frå Norske Finansielle Referenser AS (NoRe) og utlånsmargin til utrekning av renta.
Utvalet av varer og tenester er planlagt oppdatert ved behov. Produkt og rapportørar som blir borte, blir erstatta. Det er ikkje gjort utrekningar av utvalsskeivskap i lastebilkostnadsindeksen. Internasjonale undersøkingar for andre indeksar tyder på at det er utvalet av varer og tenester som er opphavet til størst skeivskap.
Skjema for innhenting av priser til undersøkinga sendast ut i midten av siste månad i kvartalet.
Data blir henta inn ved elektronisk innrapportering og filutrekk via Altinn. Oppgåvegjevarane mottek førespurnad om rapportering ved utgangen av teljingstidspunktet kvart kvartal og har ein frist på ca. 15 dagar til å rapportere. Føretaka skal rapportere alle verdiar i heile 1000 kroner.
Følgjande skjema blir brukt:
- RA-0374. Prisar på lastebil og varebil
- RA-0374. Prisar på påbygg
- RA-0374. Prisar på vare- og lastebilforsikring
- RA-0374. Prisar på dekk til lastebil og varebil
- Truckdieselpriser blir sendt inn på Excel-fil
Innsamla data registrerast manuelt. I dataregistreringsrutinen er det utarbeidet enkle matematiske og logiske registreringskontrollar.
Editering
Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data.
Kontroll av prisdata foregår ved samanstilling. Store avvik mellom periodar blir bekrefte med statistikkprodusent for dei interne prismålingane og med oppgåvegjevar for skjemainnhentinga.
Berekningar
Indeksutrekningar består av fleire trinn:
- fastsetjing av vekter
- innhenting av prisar
- Utrekning av elementærindeksar
- aggregering på køyretøygrupper, kostnad eller totalkostnad.
Vektene som brukast i kostnadsindeksane for kvar køyretøygruppe er rekna ut ved hjelp av ei kostnadsundersøking basert på rekneskapstal for eit utval føretak i næringa godstransport på veg. Vektene som ligg til grunn for totalindeksen er estimerte marknadsdelar for dei sju lastebiltypane og varebil det blir laga kostnadsindeksar for.
Elementærineksane reknast ut som geometriske gjennomsnitt av prisrelativane i kostnadsgruppen. Med 8 kjøyretøygrupper og 5 kostnadsgrupper har vi 40 elementærindeksar. Aggregering til delindeksar og totalindeks for næringa er gjort med Laspeyres metode.
Laspeyres prisindeks er ein prisindeks der vektgrunnlaget blir halde konstant. Ein kjeda Laspeyres indeks er ein indeks som består av fleire Laspeyres prisindeksar med ulike vekter.
Elementærgruppe: den lågaste grupperinga i utrekninga av indeksen. Ein elementærindeks viser ei relativ prisendring i høve til ein tidlegare basispris.
Jevons indeks: refererer til måten vi reknar/aggregerer prisrelativ på det lågaste nivået (elementærgruppa) i indeksutrekninga. Ein Jevons indeks er eit geometrisk gjennomsnitt av prisrelativ.
Basispris: er pris i ein tidlegare periode som noverande pris samanliknast mot.
Basisår: det året indeksen setjast lik 100.
Indeksens referanseperiode er 4. kvartal 2021 (4. kvartal 2021=100)
Utrekninga av indeksane skjer i fire trinn:
1. Først reknast prisindeksar for representantvarer som utgjer kostnadskomponentane ut i kvar enkelt kostnadsgruppe.
2. Komponentindeksane vektast så saman til delkostnadsindeksar for kvar køyretøygruppe.
3. Deretter vektast delindeksane saman til kostnadsindeksar for kvar av dei 8 køyretøygruppene.
4. Frå og med januar 2009 vektast også kostnadsindeksane for køyretøygruppene saman til ein totalindeks for lastebiltransport.
Kostnadsvekter for køyretøygruppene:
Gamle vekter frå 1. kvartal 2016 - 4. kvartal 2021
Nærtransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 49,5 | 60,4 | 48,0 |
Drivstoff | 18,0 | 0 | 17,5 |
Bom og ferje | 0,0 | 0 | 3,1 |
Kapital | 11,6 | 14,2 | 11,3 |
Øvrige kostnader | 20,8 | 25,4 | 20,2 |
Regionaltransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 42,8 | 54,1 | 41,0 |
Drivstoff | 20,9 | 0,0 | 20,0 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 4,2 |
Kapital | 13,7 | 17,3 | 13,1 |
Øvrige kostnader | 22,7 | 28,6 | 21,7 |
Langtransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 40,8 | 52,4 | 38,1 |
Drivstoff | 22,1 | 0,0 | 20,7 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 6,6 |
Kapital | 16,0 | 20,6 | 15,0 |
Øvrige kostnader | 21,0 | 27,0 | 19,7 |
Tank- og bulktransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 35,8 | 45,9 | 34,5 |
Drivstoff | 22,0 | 0,0 | 21,2 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 3,5 |
Kapital | 18,5 | 23,7 | 17,9 |
Øvrige kostnader | 23,7 | 30,4 | 22,9 |
Tømmertransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 33,4 | 44,2 | 32,5 |
Drivstoff | 24,6 | 0,0 | 24,0 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 2,5 |
Kapital | 21,6 | 28,6 | 21,0 |
Øvrige kostnader | 20,5 | 27,2 | 20,0 |
Anleggstransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 40,2 | 52,3 | 39,4 |
Drivstoff | 23,3 | 0,0 | 22,8 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 1,9 |
Kapital | 15,6 | 20,4 | 15,3 |
Øvrige kostnader | 20,9 | 27,3 | 20,5 |
Renovasjon | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 52,9 | 60,6 | 52,4 |
Drivstoff | 12,8 | 0,0 | 12,6 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 1,0 |
Kapital | 22,0 | 25,3 | 21,8 |
Øvrige kostnader | 12,3 | 14,1 | 12,2 |
6. Nye kostnadsvekter for køyretøytøygruppene brukt frå 1. kvartal 2022.
Anleggstransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 36,5 | 49,6 | 48,2 | 35,6 |
Drivstoff | 26,5 | 0,0 | 0,0 | 26,1 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 2,8 | 2,1 |
Kapital | 16,3 | 22,1 | 21,5 | 15,9 |
Øvrige | 20,8 | 28,2 | 27,4 | 20,3 |
Langtransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 37,0 | 49,5 | 44,8 | 34,2 |
Drivstoff | 25,2 | 0,0 | 0,0 | 23,8 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 9,4 | 7,2 |
Kapital | 17,3 | 23,1 | 20,9 | 15,9 |
Øvrige | 20,5 | 27,4 | 24,8 | 18,9 |
Nærtransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 46,1 | 58,4 | 55,8 | 44,5 |
Drivstoff | 21,0 | 0,0 | 0,0 | 20,2 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 4,5 | 3,6 |
Kapital | 12,5 | 15,8 | 15,1 | 12,0 |
Øvrige | 20,4 | 25,8 | 24,7 | 19,7 |
Regionaltransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 38,8 | 50,9 | 47,8 | 37,0 |
Drivstoff | 23,7 | 0,0 | 0,0 | 22,6 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 6,0 | 4,7 |
Kapital | 15,0 | 19,7 | 18,5 | 14,3 |
Øvrige | 22,4 | 29,4 | 27,6 | 21,4 |
Renovasjon, husholdningsavfall | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 49,2 | 57,8 | 57,1 | 48,7 |
Drivstoff | 14,9 | 0,0 | 0,0 | 14,7 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 1,3 | 1,1 |
Kapital | 23,7 | 27,8 | 27,5 | 23,4 |
Øvrige | 12,2 | 14,3 | 14,1 | 12,1 |
Tank- og bulktransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 32,4 | 43,2 | 41,0 | 31,2 |
Drivstoff | 24,9 | 0,0 | 0,0 | 23,9 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 5,1 | 3,9 |
Kapital | 19,6 | 26,2 | 24,8 | 18,9 |
Øvrige | 23,0 | 30,7 | 29,1 | 22,2 |
Tømmertransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drivstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 29,7 | 41,0 | 39,5 | 28,9 |
Drivstoff | 27,4 | 0,0 | 0,0 | 26,7 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 3,7 | 2,7 |
Kapital | 23,3 | 32,1 | 30,9 | 22,7 |
Øvrige | 19,5 | 26,9 | 25,9 | 19,0 |
Varebiltransport | Utan bom og ferje | Utan bom, ferje og drivstoff | Utan drifvstoff | Med alle kostnadsgrupper |
Arbeidskraft | 47,4 | 57,5 | 54,8 | 45,5 |
Drivstoff | 17,7 | 0,0 | 0,0 | 17,0 |
Bom og ferje | 0,0 | 0,0 | 4,7 | 3,9 |
Kapital | 11,0 | 13,4 | 12,8 | 10,6 |
Øvrige | 23,9 | 29,1 | 27,7 | 23,0 |
Opplysningar om pris og vekt er hovedelementa i ein indeksutrekning. Prisopplysningane viser trendane i dei viktigaste kostnadskomponentane, medan vekta reflekterer kostnadsstrukturen for næringa. Ein indeks er ei vekta prisendring, ei samansetjing av vekter og prisar.
Ikkje relevant
Tilsette i SSB har teieplikt.
SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.
SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.
Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.
Frå og med januar 2009 blei indeksen utrekna med nye vekter basert på rekneskapstal for 2007 og ny basismånad (januar 2009 = 100). Den gamle tidsserien med indekstal blei samstundes erstatta med ein ny tidsserie med tilbakerekna tal som var kjeda for å sikre samanlikneleg indeksutvikling før og etter endringa (se Avslutta tidsserier).
Frå og med januar 2010 følgde delindeksane for reparasjons- og servicekostnader utviklinga i prisindeksen for vedlikehald og reparasjon på verkstad som inngår i Konsumprisindeksen. Denne indeksen fangar opp den generelle prisutviklinga på verkstadstenester (delar og timepris), og har ei utvikling som tilsvara dei tidlegare delindeksane for reparasjons- og servicekostnader for dei ulike lastebiltypane ved dei største merkeverkstadane over tid.
Frå og med 1. kvartal 2019 er det eit brot med tidlegare publiserte indekstal. Indeksen er rekna ut tilbake til 1. kvartal 2016. 1. kvartal 2016 er sett som ny basisperiode i indeksen (1. kvartal 2016=100).
Endringar frå 2022
Frå og med 1. kvartal 2022 vil kostnadsindeks for lastebil bli kjeda mot referanseperioden (Perioden der indeksen er lik 100) i staden for å kjedast mot førre kvartal. Dette er ei metodisk endring som berre får marginale konsekvensar for tala i indeksen. Årsaka til denne endringa er at Statistisk sentralbyrå meiner at dette er ein meir korrekt metode å rekna indeksen på. Med den nye metoden vil indeksen kjedast mot perioden som ligg nærast tidspunktet for utrekninga av vektene, samstundes som indeksen blir lettare å forstå for brukarane.
Kostnadsindeksen blei oppdatert med nye vekter frå og med 1. kvartal 2022. Indeksen skifta då referanseperiode frå 1. kvartal 2018=100 til 4. kvartal 2021=100. Gamle indeksverdiar er revidert og tilpassa til den nye referanseperioden. Frå og med 1. kvartal 2022 vil indeksen kjedast mot referanseperioden i staden for å kjedast mot førre kvartal slik som gjort tidlegare. Dette er meir korrekt etter som ein i teorien berre skal kjede indeksen dersom ein oppdaterer vektgrunnlaget.
Frå og med 1. kvartal 2022 vil ikkje kostnadsgruppa for rentekostnader innehalde eit inflasjonsledd. Indeksen bruker etter det nominell rente + utlånsmargin ved utrekninga av rentekostnader.
Ny referanseperiode er 4.kvartal 2021=100. Indeksen er rekna tilbake til 1. kvartal 2016 med 4.kvartal 2021=100
Måle og bearbeidingsfeil:
Målefeil: prisoppgåvene blir samanlikna mot tilsvarande oppgåver frå kvartalet før. Likevel kan det skje at oppgåvegjevar kan gje pris på ei anna vare eller teneste enn førre kvartal, og at dette blir registrert som ei prisendring. Omfanget av denne type feil verkar å vera lite i denne indeksen.
Dekningsfeil: oppgåvene er revidert ved eit sett enkle manuelle og maskinelle kontrollar. Der det er openberre feil i opplysningane blir oppgåvene korrigert. Ved partielle fråfall eller ved andre feil med reell innverknad, blir oppgåvegjevaren kontakta. I nokre tilfelle kan prisen bli lagt inn med gjennomsnittleg prisendring for andre innleverte prisar for næringa eller med kopiering av prisen for førre kvartal.
Bearbeidingsfeil: blir vurdert som liten.
For feil i statistikk som brukast direkte, visast det til "Om Statistikken" for desse. Dette gjeld:
- Arbeidskraft – Arbeidskraftkostnadsindeksen (AKI)
- Drivstoff – Konsumprisindeksen (KPI) Prisindeks for autodiesel til varebil
- Administrative kostnader – Konsumprisindeksen (KPI)
Over tid vil det skje endrigar i kostnadsstrukturen til vare- og lastebiltransport. For å vekte prisendringer rett bør vektgrunnlaga til ei kvar tid reflektere kostnadsbiletet i bedrifta. Oppfylling av dette kravet til representativitet skjer ved at vektene endrast med jamne mellomrom. For Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport er endringa av vektene planlagt kvart femte år.
Fråfallsfeil: etter purring ligg svarprosenten som regel på 100 prosent.
Revisjon er planlagd endring av tal som allereie er publiserte, for eksempel ved publisering av endelege tal der det tidlegare har vore publisert førebelse tal. Sjå også SSBs prinsipp for revisjon.
Revisjon i tidlegare publiserte sesongjusterte tal kan hende når nye observasjonar (eller reviderte tidlegare observasjonar) blir inkluderte i berekningsgrunnlaget. Revisjonsomfanget er som regel størst i den mest aktuelle delen (siste 1-2 år) av sesongjustert tidsserie. Tilsvarande revisjon i trend er òg normalt, særleg på slutten av tidsserien. Omfanget av revisjon i trend og sesongjusterte tal er påverka av revisjonspolicy, jamfør kapittel 4 i retningslinjene for sesongjustering for det europeiske statistikksystemet (ESS) på Eurostats nettstad (berre på engelsk). For meir informasjon om revisjon av sesongjusterte tal, sjå statistikken sin Om sesongjustering.