Det foreløpige finansrekneskapen for 2024 viser at offentleg forvaltnings finansielle eigendelar minus gjeld auka kraftig. Hovudbilete var prega av fallande, men fortsett høge nettofinansinvesteringar samt uvanleg store gevinstar i valuta- og verdipapirmarknaden. Nettofordringane var 5,5 gangar BNP for Fastlands-Noreg og dette utgjer 4 millionar kroner per innbyggjar ved utgangen av 2024.

Nettofinansinvesteringane fell, men er fortsett på eit høgt nivå

Offentleg forvaltnings finansielle investeringar minus gjeldsopptak er illustrerte i Figur 1. Investeringane har fortsett å falle frå det rekordhøge nivået i 2022. Det er inntektene til staten frå olje og gass som i hovudsak bidrar til dei høge investeringane, som i hovudsak plasserast i utlandet via Oljefondet. Nettofinansinvesteringane er rekna til 701 milliardar kroner i 2024 mot 836 milliardar kroner i 2023 og 1455 milliardar kroner i 2022.

Figur 1. Nettofinansinvesteringar til offentleg forvaltning (milliarder kroner)

Tala i figuren øver er i løpande prisar. I figur 2. er tala presentert i prosent av bruttonasjonalproduktet BNP. Utviklinga blir da meir moderat og nettofinansinvesteringane i 2024 er til dømes på same nivå som i 2005.

Figur 2. Nettofinansinvesteringar til offentleg forvaltning (prosent av BNP)

Særs høge gevinstar på valuta og i verdipapirmarknaden

Nettogevinstane til offentleg forvaltning på verdipapir og valuta er illustrerte i figur 3. Figuren viser at gevinstane var på 3327 milliardar kroner i 2024 som er det høgast registrerte nokosinne. Av dette bidrog valutagevinstar på grunn av svekka kronekurs med omtrent ein tredjedel. Det var i hovudsak gevinstar på verdipapir plassert i utlandet via Oljefondet som bidrog til det høge talet. Gevinstane på innanlandske finansielle eigedelar var på 81 milliardar kroner i 2024, men mykje av denne gevinsten skuldast auke i eigenkapitalen til Norges Bank (fordring for forvaltninga) som igjen skyldast gevinstar på bankens valutareservar i utlandet.

Figur 3. Nettogevinstar til offentleg forvaltning (milliarder kroner)

Rekordstor auke i nettofordringar

Høge nettofinansinvesteringar, valutagevinstar og gevinstar på verdipapir plasserte i utlandet bidrog til ein rekordstor auke i nettofordringane det siste året. Utviklinga er illustrert i Figur 4 og viser at den finansielle formua auka med heile 4028 milliardar kroner i 2024. Til samanlikning var auken på 3201 milliardar kroner i 2023. Auken i 2024 representerer heile 730 tusen kroner per innbyggjar.

Figur 4. Endring i nettofordringar til offentleg forvaltning (milliarder kroner)

Finansiell formue på 4 millioner kroner per innbyggjar

Figur 5. viser utviklinga i nettofordringar til offentleg forvaltning. Ved utgangen av 2024 er nettofordringane rekna til 22 273 milliardar kroner. Det tilsvarar 4 millionar kroner per innbyggjar og 5,5 gonger BNP for Fastlands-Noreg.

Figur 5. Nettofordringar til offentleg forvaltning (milliarder kroner)

Figur 6. innehold tal frå det europeiske statistikkbyrået Eurostat, og viser offentleg forvaltnings nettofordringar i 2023 i prosent av bruttonasjonalproduktet for utvalte EU-land pluss Noreg (2024). Tala er relativt stabile fra år til år for EU landa. Figuren viser at den offentlege forvaltninga til dei fleste EU-land er i netto gjeld posisjon, men at dei nordiske landa har ei relativt sterk finansiell stilling (fordringane er høgare enn gjelda).

Figur 6. Nettofordringar i prosent av BNP

Revisjonar

Fordelinga mellom korte og lange utlån frå bankar til hushald og ikkje-finansielle føretak er endra denne gongen. Fleire av lånekomponentane er omklassifiserte frå lange til korte lån (opprinnelig løpetid under eit år). Revisjonen går tilbake til fyrste kvartal 2018.