Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis kraftig skatteauke i Noreg
Frå januar til og med mai 2001 er det til saman betalt inn 215 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 54 milliardar, eller 33 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som har medverka til den store auken.
Kommuneforvaltninga: 15,9 prosent meir
For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 51,4 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 15,9 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor.
Størst auke i Oslo
Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Størst auke har vi hatt i Oslo, der skatteinngangen har hatt ein vekst på 19,4 prosent. Deretter kjem Østfold med ein auke på 17,4 prosent og Hordaland med ein auke på 17,8 prosent. Nord-Trøndelag er det fylket med lågast skatteauke på 5,4 prosent.
Den høge oljeprisen og den høge dollarkursen har slått kraftig ut i innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen, og forklarer den sterke auken i skatteinngangen totalt sett. Ser ein bort ifrå oljeskattane, er skatteauken for Fastlands-Noreg på 13,6 prosent. For mai månad er ikkje oljeskattane med i summane.
I samband med løpande inntektsutjamning som er innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar finst i pdf-format på lenka http://www.ssb.no/emner/02/aktuell_befolkning/200005/ab200005.pdf
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-mai. 1999, 2000 og 2001. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-mai. 2000 og 2001. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-mai 2001. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71