23685_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23685
Skatteauken held fram
statistikk
2001-07-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuni 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteauken held fram

Frå januar til og med juni 2001 er det til saman betalt inn 216 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 54 milliardar, eller 33,5 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som har medverka til den store auken.

 Skatteinngang januar-juni 2000 og 2001, etter skatteordning. Millionar kroner

 Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juni frå 1999 til 2000 og frå 2000 til 2001

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 51,9 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 15,6 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor.

Størst auke i Oslo

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Størst auke har vi hatt i Oslo, der skatteinngangen har hatt ein vekst på 19,9 prosent hittil i år. Deretter kjem Østfold med ein auke på 17,9 prosent og Hordaland med ein auke på 16,8 prosent. Nord-Trøndelag er det fylket med lågast skatteauke på 5,6 prosent.

Den høge oljeprisen og den høge dollarkursen har slått kraftig ut i innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen, og forklarer den sterke auken i skatteinngangen totalt sett. Ser ein bort ifrå oljeskattane, er skatteauken for Fastlands-Noreg på 13,7 prosent. For juni månad er ikkje oljeskattane med i summane.

I samband med løpande inntektsutjamning som er innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar finst i pdf-format på lenka http://www.ssb.no/emner/02/aktuell_befolkning/200005/ab200005.pdf

Tabeller: