23683_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23683
Oljen aukar skatteinntektene
statistikk
2001-08-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuli 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oljen aukar skatteinntektene

Det er betalt inn i overkant av 255 milliardar kroner i skatt frå januar til og med juli 2001. Dette er ein auke på 57 milliardar, eller 28,9 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som bidrar til den store auken.

 Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juli frå 1999 til 2000 og frå 2000 til 2001

 Skatteinngang januar-juli 2000 og 2001, etter skatteordning. Millionar kroner

Kraftig auke i oljeskattane bidrar til auke i den totale skatteinngangen. Samla innbetaling frå ordinær skatt og særskatt på olje er så langt i år på om lag 47 milliardar kroner. For same periode i fjor var det betalt inn om lag 13 milliardar kroner. Den høge oljeprisen og den sterke dollarkursen slår kraftig ut i innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen.

Skatteauke i Fastlands-Noreg

Ser ein bort frå oljeskattane er veksten for Fastlands-Noreg på om lag 12,6 prosent. Utanom olje er det totalt betalt inn i overkant av 208 milliardar kroner i år, mot om lag 185 milliardar same periode i fjor. Dette kan ein mellom anna tilskrive auka innbetaling av etterskottsskatt og den generelle lønns- og sysselsettingsveksten. For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn 64 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 16 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor, då innbetalte skattar til kommunesektoren var på om lag 55 milliardar. Auken i inntektsskattane i kommunesektoren kjem av den opptrappinga av skattedelen på kostnad av rammetilskotet til kommunane, dvs. auka skattøyre til kommunane og fylkeskommunane mot ein tilsvarande reduksjon i fellesskatten.

Størst vekst i Oslo

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka har hatt ein skatteauke samanlikna med same periode i fjor. Størst vekst har ein hatt i Oslo og Østfold med 17,7 og 16,2 prosent. Vest-Agder er det fylket med lågast skatteauke, sjølv om de har auka sine skatteinntekter med om lag 8,2 prosent samanlikna med same periode i 2000.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar finst i pdf-format på lenka

http://www.ssb.no/emner/02/aktuell_befolkning/200005/ab200005.pdf

Tabeller: