Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka innbetaling av skatt
Frå januar til og med august 2001 er det innbetalt i overkant av 257 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 57 milliardar, eller 28,5 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som bidreg til auken.
Samla innbetaling frå ordinær skatt og særskatt på olje er så langt i år på om lag 47 milliardar kroner, og dette er ein auke på om lag 34 milliardar frå same periode i fjor. Høg oljepris og sterk dollarkurs er faktorar som slår særleg ut i innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen, og dette bidreg til å auke den totale skatteinngangen. Ser ein bort frå oljeskattane, er skatteauken for Fastlands-Noreg på 12,4 prosent. Utanom olje er det totalt innbetalt 210 milliardar kroner i år, mot 187 milliardar kroner tilsvarande periode i fjor.
Kommuneforvaltninga: 16 prosent auke
For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 64,9 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 16 prosent samanlikna med i fjor, då innbetalte skattar til kommunesektoren var på om lag 55,9 milliardar. Opptrappinga av skattedelen på kostnad av rammetilskotet til kommunane, det vil seie auka skattøyre til kommunane og fylkeskommunane mot ein tilsvarande reduksjon i fellesskatten, bidreg til auken i inntektsskattane i kommunesektoren.
Størst auke i Oslo
Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Størst auke har ein hatt i Oslo, der skatteinntektene har auka med 17,1 prosent. Finnmark er fylket med lågast skatteauke, sjølv om skatteinngangen der auka med om lag 7,9 prosent samanlikna med i fjor.
I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar finst i pdf-format på lenka
http://www.ssb.no/emner/02/aktuell_befolkning/200005/ab200005.pdf
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-august 1999, 2000 og 2001. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-august 2000-2001. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-august 2001. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71