23675_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23675
22 prosent meir innbetalt skatt
statistikk
2001-12-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapnovember 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

22 prosent meir innbetalt skatt

Frå januar til og med november 2001 er det innbetalt nærare 429 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 76 milliardar, eller 21,6 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som har auka.

 Skatteinngangen januar-november 2000 og 2001, etter skatteordning

Innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen er nesten dobla sidan same periode i fjor. Hittil i år er samla innbetaling frå ordinær skatt og særskatt på olje på nærare 102 milliardar kroner, mot om lag 53 milliardar innbetalt i same periode i fjor. Høg oljepris og sterk dollarkurs tidlegare i år er faktorar som har stor innverknad på innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen.

Ser ein bort ifrå oljeskattane, er skatteauken for Fastlands-Noreg på 9 prosent. Utanom olje er den totale skatteinngangen hittil i år på 327 milliardar kroner, mot 300 milliardar same periode i fjor. Årsaka til veksten kan mellom anna vere auka innbetaling av etterskotsskatt og ein generell høg lønns- og sysselsetjingsvekst.

Kommuneforvaltninga: 15 prosent auke

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn nesten 103 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 14,9 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor, då innbetalte skattar til kommunesektoren var på om lag 89 milliardar kroner. Auken i inntektsskattane kjem av at skattedelen blir opptrappa på kostnad av rammetilskotet til kommunane. Det vil seie auka skattøyre til kommunane mot ein tilsvarande reduksjon i overføringane frå staten.

 Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-november frå 1999 til 2000 og frå 2000 til 2001

Auke i alle fylka

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Nord-Trøndelag har hatt den største auken. Skatteinntektene der har auka med 11,5 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Deretter kjem Østfold med 11,2 og Oslo med 10,1 prosent auke.

I samband med laupande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunar per 1. januar finst i pdf-format på lenka http://www.ssb.no/emner/02/aktuell_befolkning/200005/ab200005.pdf .

Tabeller: