Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Moderat auke i skatteinngangen
Frå januar til og med mars 2002 er det innbetalt til saman 101,6 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 4,6 prosent samanlikna med same periode i fjor.
For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn om lag 27,7 milliardar kroner i skatt. Dette er 6,6 prosent lågare enn same periode i 2001. Dette har si årsak i at sjukehusa blei flytta over frå fylkeskommunane til staten 1. januar 2002. Fylkesskatten har hatt ein nedgang på 36 prosent samanlikna med januar-mars 2001, mens fellesskatten til staten har hatt ein auke på 23,5 prosent.
Det er innbetalt 21,2 milliardar kroner i inntekts- og formuesskatt til kommunane. Dette er ein auke på 1,7 milliard, eller 8,7 prosent, samanlikna med same periode i 2001.
Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Hordaland har hatt den største auken, Østfold har hatt den lågaste. Nord-Trøndelag er det einaste fylket som har opplevd høgare vekst frå 2001 til 2002, enn frå 2000 til 2001.
I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-mars 2000, 2001 og 2002. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, januar-mars 2001-2002. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-mars 2002. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71