Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skattevekst på 4 prosent
Frå januar til og med april 2002 er det til saman innbetalt 163 milliardar kroner skatt. Dette er ein auke på 4 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Hittil i år er det innbetalt 45 milliardar kroner i oljeskattar. Dette er ein nedgang på 4 prosent frå same periode i fjor, då det blei innbetalt 46,9 milliardar kroner. Dette kjem av at oljeskattane vert betalt inn etterskotsvis, og skriv seg frå ei periode med lågare oljepris.
For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt nærare 30,8 milliardar kroner. Dette er vel 4 prosent lågare samanlikna med same periode i fjor. Dette har si årsak i at sjukehusa blei flytta over frå fylkeskommunane til staten 1. januar 2002. Fylkesskatten har hatt ein nedgang på 32 prosent i forhold til same periode i fjor, mens fellesskatten til staten har hatt ein auke på 23 prosent.
Det er innbetalt 23,4 milliardar kroner i inntekts- og formuesskatt til kommunane, som er ein auke på 2,2 milliardar, eller 10,5 prosent, samanlikna med same periode i 2001.
Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Hedmark og Vestfold har hatt den største auken hittil i år, mens Østfold har hatt den lågaste. Nord-Trøndelag er det einaste fylket som har opplevd høgare vekst frå 2001 til 2002, enn frå 2000 til 2001.
I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/ .
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-april. 2000, 2001 og 2002. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, januar-april 2001-2002. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-april 2002. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71