Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Låg skattevekst
Frå januar til og med juli 2002 er det til saman innbetalt 258,4 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 1,1 prosent samanlikna med same periode i fjor.
For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt nærare 55,8 milliardar kroner. Dette er 12,9 prosent lågare enn i same periode i fjor. Dette har si årsak i at sjukehusa blei flytta over frå fylkeskommunane til staten 1. januar 2002. Fylkesskatten har hatt ein nedgang på 50 prosent i forhold til same periode i fjor. Det er innbetalt 44,9 milliardar kroner i inntekts- og formuesskatt til kommunane, som er ein auke på 2,7 milliardar, eller 6,4 prosent, samanlikna med same periode i 2001.
Mindre oljeskattar
Hittil i år er det innbetalt 45 milliardar kroner i oljeskattar. Dette er ein nedgang på 4,5 prosent frå same periode i fjor, då det blei innbetalt 47,1 milliardar kroner. Dette kjem av at oljeskattane blir innbetalte etterskotsvis, og skriv seg frå ein periode med lågare oljepris.
Størst auke i Vestfold
Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Vestfold har hatt den største auken samanlikna med tilsvarande periode i 2001, med ein vekst på 8 prosent. Østfold og Oslo har fått redusert skatteinngangen samanlikna med tilsvarande periode i fjor.
I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-juli 2000, 2001 og 2002. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, januar-juli 2001-2002. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-juli 2002. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71