Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis låg skattevekst
Frå januar til og med august 2002 er det til saman innbetalt 260,4 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 2,8 milliardar kroner, eller 1,1 prosent samanlikna med same periode i fjor.
For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 56,5 milliardar kroner i skatt. Dette er 12,9 prosent lågare enn i same periode i fjor. Dette har si årsak i at sjukehusa blei flytta over frå fylkeskommunane til staten 1. januar 2002. Fylkesskatten har hatt ein nedgang på nær 50 prosent eller vel 11 milliardar kroner i forhold til same periode i fjor. På same tid har fellesskatt til staten hatt ein auke på 18 prosent eller vel 9,3 milliardar kroner. Det er innbetalt 45,4 milliardar kroner i inntekts- og formuesskatt til kommunane, som er ein auke på 2,7 milliardar, eller 6,3 prosent, samanlikna med same periode i 2001.
Mindre oljeskattar
Hittil i år er det innbetalt 44,9 milliardar kroner i oljeskattar. Dette er ein nedgang på 4,5 prosent frå same periode i fjor, då det blei innbetalt 47,1 milliardar kroner. Dette kjem av at oljeskattane blir innbetalte på etterskot og skriv seg frå ei periode med lågare oljepris. Dersom vi ser bort ifrå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 2,3 prosent.
Størst auke i Vestfold, Hedmark og Finnmark
Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Vestfold, Hedmark og Finnmark har hatt den største auken samanlikna med tilsvarande periode i 2001, med ein vekst på 7,8, 6,2 og 6,2 prosent. Østfold og Oslo har fått redusert skatteinngangen samanlikna med tilsvarande periode i fjor med høvesvis 0,7 og 3,8 prosent.
I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-august 2000, 2001 og 2002. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, januar-august 2001-2002. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-august 2002. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71