Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skattevekst på 1,6 prosent
Frå januar til og med september 2002 er det til saman innbetalt 310,8 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 4,8 milliardar kroner, eller 1,6 prosent samanlikna med same periode i fjor.
For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 70,6 milliardar kroner i skatt, 14,5 prosent lågare enn i same periode i fjor. Dette har si årsak i at sjukehusa blei flytta over frå fylkeskommunane til staten 1. januar 2002. Fylkesskatten har hatt ein nedgang på 54 prosent eller 15,2 milliardar kroner i forhold til same periode i fjor. På same tid har fellesskatt til staten hatt ein auke på 23,1 prosent eller 13,8 milliardar kroner. Det er innbetalt 57,7 milliardar kroner i inntekts- og formuesskatt til kommunane. Dette er ein auke på 3,3 milliardar, eller 6,1 prosent, samanlikna med same periode i 2001.
Mindre oljeskattar
Hittil i år er det innbetalt 45,3 milliardar kroner i oljeskattar. Dette er ein nedgang på 3,9 prosent frå same periode i fjor, då det blei innbetalt 47,1 milliardar kroner. Dersom vi ser bort ifrå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 2,6 prosent.
Oslo einaste fylke med nedgang
Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Oslo har hatt ein nedgang samanlikna med tilsvarande periode i 2001 på 2,8 prosent. Vestfold har hatt den største auken samanlikna med tilsvarande periode i fjor, med ein vekst på 6,9 prosent.
I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-september 2000, 2001 og 2002. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-september 2001-2002. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-september 2002. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71