Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lågare skatteinntekter i 2002
I 2002 blei det innbetalt til saman 428 milliardar kroner i skatt. Dette er ein nedgang på 14 milliardar kroner, eller 3,2 prosent, frå 2001. Det er særleg lågare oljeskattar som medverkar til denne nedgangen, men det har òg vore ein nedgang i etterskotsordninga elles. I forskots
ordninga har det vore ein auke i innbetalingane frå 2001 til 2002.
Samla oljeskatter (både ordinær skatt og særskatt på olje) var i 2002 på 86,6 milliardar kroner. Dette er ein nedgang på 18,9 prosent frå 2001, då det blei innbetalt 106,7 milliardar kroner. Frå 2000 til 2001 auka oljeskatten med 51 milliardar. Oljeskattane blir betalt inn i etterskot, og endringar i oljepris og valutakurs er faktorar som slår ut på dei innbetalte skattane frå kontinentalsokkelen.
For etterskotsordninga utanom oljeskattane var det ein nedgang på 13 prosent eller 5,3 milliardar kroner frå 2001 til 2002.
Meir skatt frå Fastlands-Noreg
Dersom vi ser bort ifrå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 5,8 milliardar eller 1,7 prosent frå 2001 til 2002. Skatt under forskotsordninga har hatt ein auke på 11,5 milliardar eller 3,9 prosent. Skatt under etterskotsordninga utanom oljeskattane har gått ned med 5,3 milliardar eller 13 prosent i same periode.
Mindre skatt til fylkeskommunane
For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 87,5 milliardar kroner i skatt. Dette er 16,2 prosent lågare enn i same periode i fjor. Nedgangen har mellom anna si årsak i at sjukehusa blei flytta over frå fylkeskommunane til staten 1. januar 2002. Fylkesskatten blei meir enn halvert, med ein nedgang på 56,4 prosent i forhold til same periode i fjor. Skatteinntektene til kommunane har auka med 4,4 prosent frå 2001 til 2002. Fellesskatt til staten har i same periode hatt ein auke på 14,7 milliardar eller 16,6 prosent.
Størst auke i Vestfold
Fylkesfordelte tal syner at alle fylka bortsett frå Oslo og Østfold har hatt ein auke i total skatteinngang frå 2001 til 2002. Vestfold har hatt den største auken frå 2001 til 2002, med ein vekst på 6,9 prosent. Finnmark og Hedmark har hatt ein skatteauke med høvesvis 5,9 og 5,7 prosent frå 2001 til 2002. Oslo har fått redusert skatteinngangen med 5 prosent og Østfold med 2,1 prosent.
I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-desember. 2000, 2001 og 2002. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, januar-desember. 2001-2002. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-desember 2002. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71