23647_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23647
Skatteinntektene auka 6,4 prosent
statistikk
2003-02-14T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjanuar 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene auka 6,4 prosent

Det blei innbetalt til saman 44,9 milliardar kroner i skatt i januar 2003. Dette er ein auke på 2,7 milliardar kroner, eller 6,4 prosent, frå same periode i 2002.

Skatteinngangen januar 2002 og 2003, etter skatteordning

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar frå 2001 til 2002 og frå 2002 til 2003

For kommuneforvaltninga samla er det betalt inn om lag 10,7 milliardar kroner i skatt hittil i år. Dette er 2,4 milliardar lågare enn same periode i 2002. Dette har si årsak i at sjukehusa blei flytta over frå fylkeskommunane til staten i 2002. Fylkesskatten er redusert med 3,1 milliardar kroner samanlikna med januar 2002, mens fellesskatten til staten har auka med 3,8 milliardar kroner.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: