Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skatteinngangen auka med 3,4 prosent
Til saman 54,6 milliardar kroner blei innbetalt i skatt i januar og februar 2003. Dette er ein auke på 1,8 milliardar kroner, eller 3,4 prosent, frå same periode i 2002.
For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn om lag 11,5 milliardar kroner i skatt. Dette er 2,5 milliardar lågare enn same periode i 2002. Dette har si årsak i at sjukehusa blei flytta over frå fylkeskommunane til staten i 2002. Fylkesskatten har hatt ein reduksjon på 3,2 milliardar kroner samanlikna med same periode i 2002, mens fellesskatten til staten har auka med 2,7 milliardar kroner.
I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-februar 2001, 2002 og 2003. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, januar-februar 2002-2003. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-februar 2003. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71