23635_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23635
3,4 prosent skatteauke hittil i år
statistikk
2003-08-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuli 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

3,4 prosent skatteauke hittil i år

Frå januar til og med juli 2003 er det til saman betalt inn 267 milliardar kroner skatt. Dette er ein auke på 8,7 milliardar kroner, eller 3,4 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juli fra 2001 til 2002 og 2002 til 2003

Skatteinngang januar-juli 2002 og 2003, etter skatteordning. Millioner kroner

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 58,2 milliardar kroner. Dette er 4,4 prosent høgare enn same periode i fjor. Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda utgjer 90,6 milliardar kroner i første halvår 2003. Dette er ein vekst på 4,8 milliardar kroner, eller 5,6 prosent, samanlikna med 2002.

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Hordaland har hatt den største auken hittil i år med ein auke på 12,6 prosent. Oslo har hatt ein reduksjon i samla skatteinngang på 3,2 prosent frå 2002 til 2003.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: