Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
3,2 prosent auke i skatteinngangen
Frå januar til og med august 2003 er det til saman betalt inn 268,8 milliardar kroner skatt. Dette er ein auke på 8,4 milliardar kroner, eller 3,2 prosent, samanlikna med same periode i fjor.
Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda utgjer 91,3 milliardar kroner til og med august 2003. Dette er ein vekst på 4,8 milliardar kroner, eller 5,5 prosent, samanlikna med 2002. For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 58,8 milliardar kroner. Dette er 4,1 prosent høgare enn same periode i fjor.
Størst auke i Hordaland
Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Hordaland har hatt den største auken hittil i år med ein auke på nesten 10 prosent. Oslo har hatt ein reduksjon i samla skatteinngang på 2,4 prosent frå 2002 til 2003.
I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-august 2001, 2002 og 2003. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, januar-august 2002-2003. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-august 2003. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71