23631_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23631
Skatteinntektene auka med 3,3 prosent
statistikk
2003-10-14T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapseptember 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene auka med 3,3 prosent

321 milliardar kroner skatt er betalt inn frå januar til og med september i år. Det er ein auke på 10,2 milliardar kroner, eller 3,3 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Oslo er einaste fylke som har lågare skatteinngang.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-september frå 2001 til 2002 og frå 2002 til 2003

Skatteinngang januar-september 2002 og 2003, etter skatteordning. Millionar kroner

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda utgjer 113,2 milliardar kroner til og med september 2003. Det er ein vekst på 5,8 milliardar kroner, eller 5,4 prosent, samanlikna med i fjor. For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 74,9 milliardar kroner. Dette er 6,1 prosent høgare enn same periode i fjor.

Størst auke i Hordaland

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Hordaland har hatt den største auken hittil i år med ein auke på 9 prosent. Oslo har som einaste fylke hatt ein reduksjon i samla skatteinngang; ein nedgang på 2 prosent frå 2002 til 2003.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka Folkemengde .

Tabeller: