23623_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23623
Skattevekst på 1,3 prosent
statistikk
2004-02-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjanuar 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skattevekst på 1,3 prosent

I januar i år blei det innbetalt til saman 45,4 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 0,6 milliardar kroner, eller 1,3 prosent, frå same periode i 2003.

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn om lag 12 milliardar kroner i skatt. Dette er 1,3 milliardar, eller 11,8 prosent, høgare enn same periode i fjor. Av dette har fylkesskatten hatt ein auke på 0,9 milliardar kroner, eller 62,8 prosent, samanlikna med januar 2003, mens skatten til primærkommunane har auka med 0,4 milliardar eller 4,3 prosent.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar frå 2002 til 2003 og frå 2003 til 2004

Skatteinngangen januar 2003 og 2004, etter skatteordning

Skatten som er innbetalt i januar månad 2004, gjeld skatteåret 2003. Den store prosentvise aukinga i fylkesskatten kjem av auke i skatteøren til fylkeskommunane frå 2002 til 2003, frå 1,9 prosent til 3,24 prosent. Den relativt sterke auken for fylkeskommunane var, i tillegg til opptrapping av skatteandelen, påverka av tekniske forhold i samband med sykehusreformen. For primærkommunane auka skatteøren i same periode frå 12,4 prosent til 13,0 prosent.

Total skatteinngang til staten var i januar på 10,6 milliardar. Dette er 1,4 milliardar, eller 11,8 prosent, lågare enn same periode i 2003. Av dette hadde fellesskatten til staten ein nedgang på 1,6 milliardar kroner.

I samband med løpande inntektsutjamning, som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: