Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skattevekst på 1,3 prosent
I januar og februar i 2004 blei det innbetalt til saman 55,3 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 0,7 milliardar kroner, eller 1,3 prosent, frå same periode i 2003.
For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn om lag 12,8 milliardar kroner i skatt. Dette er 1,2 milliardar, eller 10,6 prosent, høgare enn same periode i fjor. Av dette har fylkesskatten hatt ein auke på 0,9 milliardar kroner, eller 56,8 prosent, samanlikna med januar og februar 2003, mens skatten til primærkommunane har auka med 0,4 milliardar eller 3,7 prosent.
Skatten som er innbetalt i januar og februar 2004 gjeld skatteåret 2003. Den store prosentvise auken i fylkesskatten kjem av ein auke i skatteøyren til fylkeskommunane frå 2002 til 2003 frå 1,9 prosent til 3,24 prosent. Den relativt sterke auken for fylkeskommunane var, i tillegg til opptrapping av skattedelen, påverka av tekniske forhold i samband med sjukehusreformen. For primærkommunane auka skatteøyren i same periode frå 12,4 prosent til 13,0 prosent.
Total skatteinngang til staten var i januar og februar på 19,1 milliardar. Dette er 1,0 milliardar, eller 5,1 prosent, lågare enn same periode i 2003.
I samband med løpande inntektsutjamning, som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-februar 2002, 2003 og 2004. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-februar 2003-2004. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-februar 2004. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71