23619_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23619
2,2 prosent auke i skatteinngangen
statistikk
2004-04-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmars 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

2,2 prosent auke i skatteinngangen

Frå januar til og med mars 2004 er det innbetalt til saman 109,5 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 2,3 milliardar, eller 2,2 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Til kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn 29,1 milliardar kroner i skatt. Dette er 1,6 milliardar, eller 5,6 prosent, høgare enn i same periode i fjor. Det er innbetalt 46,6 milliardar kroner i arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda i perioden januar til og med mars 2004. Dette er 1,6 prosent meir enn i 2003.

Skatteinngangen januar-mars 2003 og 2004, etter skatteordning. Millionar kroner

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mars frå 2002 til 2003 og frå 2003 til 2004

Auke i fylkesvise skattetal

Fylkesfordelte tal syner at alle fylka har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Størst auke hadde Rogaland, der skatteinnbetalingane auka med 8,6 prosent. Deretter følgjer Troms og Nord-Trøndelag med høvesvis 8,0 og 7,8 prosent. Den lågaste skatteauken hadde Oslo og Akershus, med høvesvis 0,3 og 0,1 prosent auke.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: