23613_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23613
Moderat skatteauke i første halvår
statistikk
2004-07-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuni 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderat skatteauke i første halvår

Skatteauken har vore moderat i første halvår 2004. Frå januar til og med juni 2004 er det til saman betalt inn 234 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 9 milliardar kroner, eller 3,8 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

For kommuneforvaltninga samla er det i første halvår 2004 betalt inn 49 milliardar kroner. Dette er 4,2 prosent høgare enn for første halvår i fjor. Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda utgjer 72 milliardar kroner i første halvår 2004. Dette er ein vekst på 3 milliardar kroner, eller 3,8 prosent, samanlikna med 2003.

Skatteinngang januar-juni 2003 og 2004, etter skatteordning. Millionar kroner

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juni frå 2002 til 2003 og frå 2003 til 2004

Oljeskattane utgjorde 50 milliardar kroner i første halvår 2004. Dette er 7,5 prosent meir enn i første halvår 2003. Dersom vi ser bort frå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein total skatteinngang på 184 milliardar kroner hittil i år. Dette er ein auke på 2,9 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Troms har hatt den største auken hittil i år med ein auke på 7,1 prosent. Hordaland og Møre og Romsdal var dei einaste fylka med reduksjon i samla skatteinngang, med nedgang på høvesvis 2,8 og 0,1 prosent.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: