23611_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23611
4,3 prosent skatteauke hittil i år
statistikk
2004-08-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuli 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4,3 prosent skatteauke hittil i år

Frå januar til og med juli 2004 er det til saman betalt inn 279 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 11 milliardar kroner, eller 4,3 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn 60,6 milliardar kroner. Dette er 4,1 prosent høgare enn for same periode i fjor. Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda utgjer 94,5 milliardar kroner hittil i 2004. Dette er ein vekst på 3,9 milliardar kroner, eller 4,3 prosent, samanlikna med 2003.

Skatteinngang januar-juli 2003 og 2004, etter skatteordning. Millionar kroner

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juli frå 2002 til 2003 og frå 2003 til 2004

Oljeskattane utgjer 50,0 milliardar kroner hittil i 2004. Dette er 7,4 prosent meir enn i same periode i 2003. Dersom vi ser bort frå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein total skatteinngang på 228,6 milliardar kroner hittil i år. Dette er ein auke på 3,7 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Troms og Østfold hatt den største auken hittil i år med ein auke på høvesvis 7,7 og 7,5 prosent. Hordaland var det einaste fylket med reduksjon i samla skatteinngang med nedgang på 1,5 prosent.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: