23605_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23605
Stor auke i oljeskattane
statistikk
2004-11-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i oljeskattane

Frå januar til og med oktober 2004 er det til saman betalt inn 407,4 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 36,5 milliardar kroner, eller 9,9 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som medverkar til auken i den totale skatteinngangen.

Innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen lyder hittil i år på 111,5 milliardar kroner. Dette er ein auke på 21,5 prosent frå same periode i fjor, då det blei betalt inn 91,8 milliardar kroner. Den store auken i oljeskattane kjem i hovudsak av auka oljeprisar, som i sin tur gjev auka skatteinntekter. Innbetalinga av oljeskattar har to hovudterminar i året - i april og i oktober.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar - oktober frå 2002 til 2003 og frå 2003 til 2004

Skatteinngang januar-oktober 2003 og 2004 etter skatteordning. Millionar kroner

Dersom vi ser bort ifrå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 6,0 prosent.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda auka med 4,2 prosent frå i fjor. Innbetalinga til folketrygda totalt utgjer dermed 118,9 milliardar kroner til og med oktober 2004. For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 79,1 milliardar kroner i skatt. Dette er 4,0 prosent, eller 3,1 milliardar kroner, høgare enn i same periode i fjor. Formue- og inntektsskatt til primærkommunane hadde ein auke på 3,7 milliardar eller 5,9 prosent frå 2003 til 2004.

Størst auke i Østfold

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Østfold har hatt den største auken hittil i år med ein auke på 10,6 prosent. Stor auke i skatteinngangen hadde også Rogaland og Troms, med auke på høvesvis 9,2 og 8,7 prosent.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: