Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skatteinntektene auka med 6,3 prosent
Frå januar til og med november 2004 er det til saman betalt inn 466,9 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 27,7 milliardar kroner, eller 6,3 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som medverkar til auken i den totale skatteinngangen.
Innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen lyder hittil i år på 111,5 milliardar kroner. Dette er ein auke på 21,5 prosent frå same periode i fjor, då det blei betalt inn 91,9 milliardar kroner. Den store auken i oljeskattane kjem i hovudsak av auka oljeprisar, som i sin tur gjev auka skatteinntekter. Innbetalinga av oljeskattar har to hovudterminar i året - i april og oktober.
Dersom vi ser bort ifrå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 2,3 prosent.
Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda auka med 4,1 prosent frå i fjor. Innbetalinga til folketrygda totalt utgjer dermed 144,4 milliardar kroner til og med november 2004. For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 95,6 milliardar kroner i skatt. Dette er 4,1 prosent, eller 3,8 milliardar kroner, høgare enn i same periode i fjor. Formue og inntektsskatt til primærkommunane hadde ein auke på 4,9 milliardar eller 6,5 prosent frå 2003 til 2004.
Størst auke i Troms og Rogaland
Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Troms og Rogaland har hatt den største auken hittil i år med ein auke på høvesvis 7,0 og 6,9 prosent. Hordaland har hatt ein reduksjon i samla skatteinngang på 2,2 prosent.
I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-november. 2002, 2003 og 2004. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-november. 2003-2004. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-november 2004. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71