23601_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23601
Skatteinntektene auka med 5,1 prosent
statistikk
2005-01-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapdesember 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene auka med 5,1 prosent

I 2004 blei det til saman betalt inn 472,8 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 23,0 milliardar kroner, eller 5,1 prosent, samanlikna med 2003. Det er særleg oljeskattane som medverkar til auken i den totale skatteinngangen.

Skatteinngang januar-desember 2003 og 2004, etter skatteordning. Millionar kroner

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-desember frå 2002 til 2003 og frå 2003 til 2004

Innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen lyder på 112,6 milliardar kroner for 2004. Dette er ein auke på 15,7 prosent frå 2003, då det blei betalt inn 97,3 milliardar kroner. Auken i oljeskattane kjem i hovudsak av auka oljeprisar, som i sin tur gjev auka skatteinntekter. Dersom vi ser bort ifrå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 2,2 prosent.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda auka med 4,1 prosent frå 2003. Innbetalinga til folketrygda totalt utgjorde 145,7 milliardar kroner. Som ledd i gradvis tilpassing til EØS-regelverket er det i 2004 gjennomført endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta.

For kommuneforvaltninga samla blei det innbetalt 97,3 milliardar kroner i skatt. Dette er 4,3 prosent, eller 4,0 milliardar kroner, høgare enn i 2003. Formue og inntektsskatt til primærkommunane hadde ein auke på 5,1 milliardar eller 6,6 prosent frå 2003 til 2004.

Størst auke i Troms og Rogaland

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Rogaland og Troms hadde den største auken, på høvesvis 7,0 og 6,8 prosent. Hordaland og Oslo har som de einaste fylka hatt ein reduksjon i samla skatteinngang på høvesvis 1,4 og 0,8 prosent.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: