23565_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23565
Stor skatteauke i første halvår
statistikk
2006-07-14T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuni 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor skatteauke i første halvår

I dei seks første månadene av 2006 vart det til saman innbetalt 302 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på nesten 39 milliardar, eller 14,7 prosent, frå same periode i 2005.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juni frå 2004 til 2005 og frå 2005 til 2006

Auken svarar seg i hovudsak frå store innbetalingar av oljeskattar tidlegare i år. Innbetalte oljeskattar for første halvår 2006 utgjer 91,0 milliardar kroner og er 30,2 prosent meir enn i første halvår i 2005. Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda auka totalt med 7,5 prosent frå i fjor, og utgjer 82,1 milliardar kroner. Til statsforvaltninga og kommuneforvaltninga vart det innbetalt høvesvis 72,0 og 56,7 milliardar kroner. For statsforvaltninga utgjer dette ein auke på 10,4 prosent, medan kommuneforvaltninga hadde ein auke på 9,9 prosent samanlikna med same periode i 2005.

Tabeller: