Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skatteinntektene auka med 13,4 prosent
I perioden januar-juli 2006 vart det innbetalt 352 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på nær 42 milliardar kroner, eller 13,4 prosent, frå same periode i 2005.
Av auken på 42 milliardar kroner svarar 20,9 milliardar seg frå auke i innbetalte oljeskattar, medan innbetalingane frå Fastlands-Noreg auka med 20,8 milliardar.
Innbetalte oljeskattar lyder hittil i år på 90,9 milliardar kroner. Storparten av dette er innbetalt i april månad.
Til statsforvaltninga vart det innbetalt 82,5 milliardar kroner. Samanlikna med same periode i fjor er dette ein auke på 7 milliardar kroner, eller 9,3 prosent. Til kommuneforvaltninga totalt vart det innbetalt 69,7 milliardar kroner, ein auke på 9,6 prosent. Av dette beløpet gjekk 57,7 milliardar kroner til primærkommunane, medan 11,9 milliardar kroner vart innbetalt til fylka. Samanlikna med same periode i 2005 er dette ein auke på høvesvis 9,5 og 10,4 prosent. Innbetalingane til Folketrygda auka med 7,2 milliardar kroner, til 107,1 milliardar. Dette svarar til ein auke på 7,2 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-juli. 2004, 2005 og 2006. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-juli. 2005 og 2006. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-juli 2006. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71