Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skatteinntektene steig med 13,8 prosent
I 2006 vart det til saman betalt inn 627 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 76 milliardar kroner, eller 13,8 prosent, samanlikna med 2005. Særleg oljeskattane medverkar til veksten i den totale skatteinngangen.
Samla innbetalte oljeskattar utgjorde 211,9 milliardar kroner i 2006. Dette er ei stigning på 46,8 milliardar kroner, eller 28,3 prosent, samanlikna med 2005.
Dersom innbetalte oljeskattar blir sett bort ifrå, vart det innbetalt 415,1 milliardar kroner i skatt i 2006. Samanlikna med 2005 er dette ein auke på 29,1 milliardar kroner, eller 7,5 prosent.
Til folketrygda totalt vart det innbetalt 164,2 milliardar kroner i 2006. Av dette er 68,8 milliardar medlemspremie, medan 95,3 milliardar kroner er arbeidsgjevaravgift. Samanlikna med 2005 er det samla sett ein auke på 10,5 milliardar kroner, eller 6,8 prosent, i innbetalte skattar til folketrygda.
Til kommuneforvaltninga vart 114,9 milliardar kroner innbetalt i 2006. Dette er ein auke på 11,9 milliardar, eller 11,6 prosent, samanlikna med 2005. Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka har hatt ein auke i skatteinngangen i 2006 samanlikna med 2005.
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-desember. 2004, 2005 og 2006. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-desember. 2005 og 2006. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-desember 2006. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71