Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skattevekst på 6,6 prosent i januar
Dryge 55 milliardar kroner vart til saman betalte inn i skatt i januar i år. Dette er ein auke på 3,4 milliardar kroner, eller 6,6 prosent, frå den same perioden i 2006.
Til kommuneforvaltninga totalt vart 15,2 milliardar betalte inn, ein auke på 1,8 milliardar, eller 13,5 prosent, samanlikna med januar i fjor. Av dette vart 12,6 milliardar betalte inn til primærkommunane, medan 2,6 milliardar vart betalte inn i fylkesskatt.
Til folketrygda totalt vart 27,8 milliardar kroner betalte inn, ein auke på 1,7 milliardar, eller 6,7 prosent, samanlikna med januar 2006. Arbeidsgivaravgifta utgjorde 18,5 milliardar, medan medlemsavgifta til folketrygda utgjorde 9,3 milliardar. Auken var på høvesvis 5,1 prosent og 9,8 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar 2005, 2006 og 2007. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar 2006 og 2007. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar 2007. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71