23548_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23548
Skatteinntektene auka med 16,7 prosent
statistikk
2007-03-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapfebruar 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene auka med 16,7 prosent

I perioden januar til februar i år vart det innbetalt til saman dryge 74 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 10,6 milliardar kroner, eller 16,7 prosent, samanlikna med same periode i 2006.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-februar frå 2005 til 2006 og frå 2006 til 2007

Til kommuneforvaltninga totalt vart det betalt inn 16,3 milliardar kroner, ein auke på 2,2 milliardar, eller 16,0 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Av dette var 13,5 milliardar betalt inn til primærkommunane, medan 2,8 milliardar vart betalt inn i fylkesskatt.

Til folketrygda totalt vart det betalt inn 28,5 milliardar kroner, ein auke på 2 milliardar, eller 7,4 prosent, samanlikna med same periode i 2006. Arbeidsgivaravgifta utgjorde 18,9 milliardar medan medlemsavgifta til folketrygda utgjorde 9,6 milliardar. Auken var på høvesvis 5,9 prosent og 10,5 prosent.

Tabeller: