Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skatteinntektene auka med 12,8 prosent
Frå januar til og med mars 2007 blei det til saman innbetalt 139,5 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 15,9 milliardar kroner, eller 12,8 prosent, frå same periode i 2006.
Til kommuneforvaltninga totalt blei det betalt inn 34,9 milliardar. Dette er ein auke på 7,8 prosent i forhold til same periode i fjor. Av dette beløpet blei det betalt inn 29,0 milliardar kroner til primærkommunane, ein auke på 8,3 prosent, medan fylka fekk ein skatteauke på 6,5 prosent, til 5,9 milliardar. Folketrygda hadde ein samla skatteinnbetaling på 56,3 milliardar, ein auke på 8,5 prosent frå same periode i fjor.
Ein grunn til den store auka i innbetalt skatt i etterskotsordninga er endring av regelverket. Innbetalingstidspunkt av skatt for etterskotspliktige skattytarar (utanom petroleumsverksemda) er no lagt til to like terminar med forfall 15. februar og 15.april, medan betalinga tidligare blei lagt til tre terminar. Samanlikning frå same tidspunkt i fjor blir derfor misvisande. |
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-mars. 2005, 2006 og 2007. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-mars. 2006 og 2007. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-Mars 2007. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71