Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skatteinntektene opp med 12,7 prosent
I perioden januar-april 2007 blei det til saman innbetalt 265 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på om lag 30 milliardar, eller 12,7 prosent, frå same periode i 2006. Innbetalinga av oljeskattar auka med 5,3 prosent.
Innbetalte skattar frå oljeutvinning utgjorde 95,8 milliardar kroner. Dette er ein auke på 5,3 prosent frå same periode i fjor. Innbetalinga av oljeskattar har to hovudterminar i året - oktober i inntektsåret og april det neste året.
Sett bort ifrå oljeskattane, har skatteinnbetalingane frå Fastlands-Noreg auka med 17,3 prosent.
Til folketrygda totalt er det hittil i år innbetalt 58,0 milliardar kroner. Dette er 4,0 milliardar, eller 7,5 prosent, høgare enn i same periode i fjor.
Til kommuneforvaltninga samla blei det innbetalt 38,4 milliardar kroner. Av dette beløpet blei det betalt inn 31,8 milliardar kroner til primærkommunane, ein auke på 7,0 prosent, medan fylka fekk ein skatteauke på 5,2 prosent, til 6,5 milliardar.
Ein grunn til den store auken i innbetalt skatt er endring av regelverket. Innbetalingstidspunktet av skatt for etterskotspliktige skattytarar (utanom petroleumsverksemda) er no lagt til to like terminar med forfall 15. februar og 15. april, medan betalinga tidlegare blei lagt til tre terminar. Samanlikning frå same tidspunkt i fjor blir difor misvisande. |
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-april. 2005, 2006 og 2007. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-april. 2006 og 2007. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-april 2007. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71