Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i skatteinngangen hittil i år
I perioden januar-mai 2007 blei det til saman innbetalt 335 milliardar kroner i skatt. Dette er 34 milliardar, eller 11,4 prosent, høgare enn i same periode i 2006.
Innbetalte skattar til statsforvaltninga, unnateke folketrygda, utgjer om lag 189 milliardar kroner. Dette er 26,5 milliardar, eller 16,3 prosent, høgare enn i same periode i fjor. Sett bort ifrå oljeskattane utgjer skatteinnbetalingane til statsforvaltninga unnateke folketrygda 93,3 milliardar. Samanlikna med same periode i 2006 er dette 21,8 milliardar kroner, eller 30,4 prosent, høgare. Innbetalte skattar frå oljeutvinning utgjer 95,7 milliardar kroner. Samanlikna med same periode i fjor er dette 4,8 milliardar, eller 5,2 prosent, høgare.
Meir til folketrygda og kommuneforvaltninga
Til folketrygda totalt vart det innbetalt 87,1 milliardar kroner. Dette er 5,5 milliardar, eller 6,8 prosent, høgare enn i same periode i fjor.
Til kommuneforvaltninga samla vart det innbetalt 58,6 milliardar kroner. Av dette beløpet vart det betalt inn 48,7 milliardar kroner til primærkommunane og om lag 10 milliardar til fylka. Dette er høvesvis 4,4 og 3,2 prosent høgare enn i same periode i fjor.
Ein grunn til den store auken i innbetalt skatt er endring av regelverket. Innbetalingstidspunktet av skatt for etterskotspliktige skattytarar (utanom petroleumsverksemda) er no lagt til to like terminar med forfall 15. februar og 15. april, medan betalinga tidlegare vart lagt til tre terminar. Samanlikning frå same tidspunkt i fjor vert derfor misvisande. |
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-mai. 2005, 2006 og 2007. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-mai. 2006 og 2007. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-mai 2007. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71