23536_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23536
Vekst i skatteinntektene på 11,2 prosent
statistikk
2007-09-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapaugust 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i skatteinntektene på 11,2 prosent

Frå januar til august 2007 vart det til saman innbetalt 394 milliardar kroner i skatt. Dette er om lag 40 milliardar, eller 11,2 prosent, høgare enn i den same perioden i 2006.

Skatteinngangen fordelt på fylke, prosentvis endring januar-august frå 2005 til 2006 og frå 2006 til 2007

Innbetalingane til kommuneforvaltninga er på 73.5 milliardar, ein auke på 4,5 prosent samanlikna med den same perioden 2006. For kommuneforvaltninga utgjer innbetalinga til fylka 12,5 milliardar, medan 61 milliardar gjekk til primærkommunane. Innbetalingane til statsforvaltninga, unnateke oljeskattane og folketrygda, er på totalt 107,6 milliardar, mot 83,1 milliardar i den same perioden i 2006. Dette er ein auke på 29,4 prosent.

Innbetalte skattar frå oljeutvinning utgjer 94,8 milliardar kroner. Samanlikna med den same perioden i fjor er dette 3,9 milliardar, eller 4,3 prosent, høgare.

Innbetalingane til folketrygda er på 116,1 milliardar kroner, ein auke på 7,7 prosent frå det same tidspunktet i 2006. Medlemspremie til folketrygda utgjer av desse 45,7 milliardar, medan arbeidsgivaravgift utgjer 70,3 milliardar kroner.

Ein grunn til den store auka i innbetalt skatt er endring av regelverket. Innbetalingstidspunkt av skatt for etterskotspliktige skattytarar (utanom petroleumsverksemda) er no lagt til to like terminar med forfall 15. februar og 15.april, medan betalinga tidligare vart lagt til tre terminar. Samanlikning frå det same tidspunktet i fjor vert derfor misvisande, fordi større delar av etterskotsskatten nå vert betalt tidlegare på året.

Tabeller: