23522_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23522
Skatteinntektene auka med 13,1 prosent
statistikk
2008-04-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmars 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene auka med 13,1 prosent

Frå januar til og med mars 2008 vart det til saman betalt inn nesten 158 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 18,3 milliardar kroner, eller 13,1 prosent, frå same periode i 2007.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mars frå 2006 til 2007 og frå 2007 til 2008

Til kommuneforvaltninga totalt vart det betalt inn 36,4 milliardar kroner, ein auke på 1,5 milliardar, eller 4,2 prosent, i høve til same periode i fjor. Av dette beløpet vart 30,2 milliardar betalt inn til primærkommunane, ein auke på 4,3 prosent. Fylka fekk ein skatteauke på 3,7 prosent, til 6,2 milliardar.

Folketrygda hadde ei samla skatteinnbetaling på 61,6 milliardar kroner, ein auke på 9,5 prosent jamførd med same periode i 2007. Arbeidsgjevaravgifta til folketrygda utgjorde 38,3 milliardar medan medlemsavgifta utgjorde 23,3 milliardar, ein auke på høvesvis 10,4 og 8,0 prosent.

Tabeller: