23520_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23520
Skattevekst på 7 prosent
statistikk
2008-05-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapapril 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skattevekst på 7 prosent

Frå januar til og med april i år vart det innbetalt til saman 284 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på om lag 19 milliardar kroner eller 7,0 prosent frå same periode i 2007.

Skatteinngang fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-april frå 2006 til 2007 og frå 2007 til 2008

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 39,3 milliardar kroner i skatt. Dette er dryge 900 millionar, eller 2,5 prosent, høgare enn i same periode i fjor. Skatteinntektene til primærkommunane auka med 2,6 prosent medan skatteinntektene til fylka auka med 2,0 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Til folketrygda totalt vart det innbetalt 63,4 milliardar kroner, ein auke på 5,3 milliardar eller 9,2 prosent samanlikna med same periode i 2007. Arbeidsgjevaravgifta til folketrygda utgjorde 38,8 milliardar medan medlemsavgifta utgjorde 24,6 milliardar. Auken var på høvesvis 11,1 prosent og 6,2 prosent.

Tabeller: