Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skattevekst på over 10 prosent
I perioden januar-mai i år vart det innbetalt til saman 370 milliardar kroner i skatt. Dette er 35 milliardar kroner, eller 10,4 prosent, meir enn i den same perioden i 2007.
Innbetalt skatt til statsforvaltninga i perioden januar til mai i år auka med 19,8 milliardar i forhold til den same perioden i fjor. Totalt vart det innbetalt 113,1 milliardar kroner i år. Auken i innbetalt skatt til statsforvaltninga skriv seg mellom anna frå auka fellesskatt på 21,9 prosent, eller 18,4 milliardar kroner.
Samla innbetaling til kommuneforvaltninga steig med 4 milliardar, eller 6,8 prosent, til 62,6 milliardar kroner for perioden januar-mai 2008. Innbetalinga til folketrygda auka også samanlikna med den same perioden for 2007 og summerar seg til 97 milliardar kroner, ein auke på 11,3 prosent
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-mai. 2006, 2007 og 2008. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter fylke. Januar-mai. 2007 og 2008. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter kommune. Januar-mai 2008. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71